Hopp til innhold

Ikkje klart for storbesøk

Hagen på Astruptunet skal utbetrast. Difor ventar dei med internasjonal marknadsføring av museet.

Kvar er dette?

JØLSTER: Astruptunet hadde i fjor sommar ei betydeleg auke i besøkstala.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi er ikkje heilt på offensiven endå. Det er ein jobb som må gjerast på Astruptunet, før vi kan ta i mot store mengder besøkande.

Det seier Solveig Berg Lofnes som er kurator ved Astruptunet. Dei har ikkje opplevd ei auke i besøkstala så langt i sommar, samanlikna med i fjor.

– I juni hadde vi om lag 1000 besøkande og eit par hundre i mai. Vi ligg nokon lunde bra an i forhold til i fjor, seier Lofnes.

I fjor sommar hadde Astruptunet ei kraftig oppsving i besøkstala. Då gjekk talet på besøkande frå 3000 i 2015 til 5500 i 2016. Dette var ein følge av Nikolai Astrup sitt internasjonale gjennombrot med utstilling i London og massiv omtale i britiske medium.

På 1990-talet var det derimot heilt andre besøkstal på Astruptunet, då hadde dei rundt 20 000 besøkande kvar sommar.

Ikkje klar for auke endå

I 2015 fekk Astruptunet to millionar kronar frå Sparebankstiftinga DNB. Desse pengane skal gå til å utarbeide hagen på tunet.

– No er vi i ein planfase og difor har vi ikkje vore oppteke av dei store besøkstala endå. Vi må gjere dette gradvis og oppgradere tunet slik at vi er i stand til å handtere ei auke i besøkstala, seier Lofnes.

Solveig Berg Lofnes på Astruptunet

KURATOR: Solveig Berg Lofnes seier at dei ikkje kan marknadsføre Astruptunet internasjonalt endå.

Foto: Stian Sjursen Takle

Sparebankstiftinga har i mange år jobba med å løfte Astrup ut på den internasjonale marknaden. Lofnes seier at dei har ein langsiktig plan om å marknadsføre tunet internasjonalt.

– Men det viktigaste er at folk som kjem hit er fornøgde. Det er den beste marknadsføringa vi kan gjere, seier ho.

Har vore på utstillingar

I fjor var det fleire utanlandske turistar som besøkte Astruptunet, enn tidlegare. Lofnes seier at det kom som ei følge av at Astrup vart lansert internasjonalt. Det er denne auka som framleis held besøkstala høge.

– Det er kjekt å registrere at fleire av dei som kjem har sett utstillingar av Astrup i London, Danmark og andre stadar. Det er ei spennande utvikling, seier ho.