NRK Meny
Normal

Ikkje innsparingar i Helse Førde

Helse Førde har så langt ikkje greidd å rette opp mankoen på kring 20 millionar kroner på årets budsjett.

Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

I økonomirapporten styret får presentert komande torsdag er avviket på 18,1 millionar kroner. Så langt kan ikkje administrasjonen dokumentere nokon effekt av innsparingstiltaka som vart vedtekne før sommarferien.