Ingen personar vart skadde i brannen torsdag føremiddag. To av dei 10 evakuerte arbeidde på innsida av brannen, og måtte springe forbi den brennande lastebilen og lageret med sprengstoff. Lastebilen står vel ein kilometer inne i tunnelen.
- I siste liten
- Dei kom seg ut i siste liten. Dette var dramatisk. Noko slikt har eg aldri vore med på i mi 20-årige karriere. No er vi berre glade for at brannen ikkje tok liv, seier anleggsleiar i NCC, Frank Grønvold, til Fjordingen. Han fortel at brannen utvikla seg raskt med tjukk røyk som fylte heile tunnelen.
På grunn av at lastebilen står rett attmed ein borerigg, der det var lagra 300 kilo sprengstoff, valde politiet å sperre av tunnelen inntil eksplosjonsfaren var over.
Brannen er sløkt
Jan Træen, som er utrykningsleiar i brannvesenet i Stryn, seier at sjølv om brannen no er sløkt, er det framleis farleg å gå inn i tunnelen.
- Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har bede oss vente med å gå inn i tunnelen til den er heilt nedkjølt. Difor har vi bestemt oss for å vente til over helga, seier politiførstebetjent Rolf Knutsen til NRK Sogn og Fjordane fredag.
Tunnelen er ein del av Stryn Energi sitt nye kraftverk som er under bygging i Innvik. Tunnelinngangen ligg langt frå busetnaden i bygda.