Hopp til innhold

Ikkje gondolbane i Flåm

Planane om gondolbane til fjelltoppen Furukamben i Flåm er skrinlagde.

Flåm med Furukamben
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Årsaka er at fjellområdet er ustabilt, skriv Sogn Avis.

Skal drenere fjellet

Geologar har funne at fjellmassane rører på seg, og det er planar om å drenere fjellet for å stabilisere det. Sjølve dreneringa vil ta seks år, etter det blir det fleire år med undersøkingar for å slå fast om dreneringa har stabilisert fjellet.

- Det betyr at det vil gå 10-15 år før det kan byggjast noko i det aktuelle fjellområdet, seier administrerande direktør John Bottheim i Aurland Ressursutvikling AS til avisa.

Andre attraksjonar?

Han seier dei no vil sjå nærare på andre former for attraksjonar som kan avlaste Flåmsbana.

Gondolbana som det no ikkje blir noko av, skulle etter planen gå frå stasjonsområdet i Flåm opp til toppen av Furukamben, om lag 1000 meter over havet.