- Sist det hendte var for 20 år sidan, men den gongen var det langt mindre alvorleg, fortel Fimland. Også den gongen skjedde det på liknande måte under ein konsert.
Støtter var ikkje på plass
Fimland opplyser at scena vart sjekka og forsterka etter den hendinga, men i dag var ikkje det nok. Dessutan var
ikkje dei støttene som vart laga etter førre uhellet, på plass i dag, fortel Fimland.
Vaktmeister Ståle Haugen frykta at noko slik kunne skje. Foto Cosmin Cosma NRK.
Frykta ei slik hending
Vaktmeister Ståle Haugen har vore tilsett ved Førdehuset i 25 år. Han leita i ettermiddag i alle krokar under det nedrasa golvet for å forsøke å finne årsaka til ulukka.
Haugen har frykta at noko slik kunne skje.
- Dette er berre ei scene som heng i nokre vaierar, seier han.
Utvida golv
Denne scenekonstruksjonen kan hevast og senkast slik at den kan fungere både som utvida scene, som del av golvet i salen eller senkast heilt ned og fungere som orkestergrav.
Under dette arrangementet var denne delen av scena ein del av golvet i salen. Då mange titals ungdomar strøymde fram til scenekanten og stod og hoppa på denne lemmen, knakk konstruksjonen saman.