Dermed har ho avgjort den årelange striden etter berre fire dagar i statsrådstolen, og har gjort akkurat det forkjemparane frykta. Dei kritiserte i førre veke miljøvernminister Knut Arild Hareide fordi han ikkje fekk godkjent reguleringsplanen før han gjekk av. Frykta for at ei radugrøn regjering skulle seie nei viste seg å vere reell.
Kommunen med på laget
I Veitastrond har fleirtalet av bygdefolket hatt ønskje om å skape arbeidsplassar ved å få til turistflyging til fjelltoppen. Kommunen har stilt seg bak ønskjet om ein landingsplass og eit servicebygg ved fjelltoppen. På den andre sida har mellom anna Naturvernforbundet åtvara mot ein slik trafikk.
Det blir ikkje turistflyging til Kalda-Kari.
- Strir mot det meste
I avgjerda heiter det mellom anna: "Reguleringsplanen for prosjekt Kalda-Kari kjem etter Miljøverndepartementet si oppfatning i strid med fleire nasjonale miljømål. Det gjeld målet om god forvaltning av randsona til nasjonalparkar, målet om å ta vare på dei inngrepsfrie områda, målet om ei berekraftig forvaltning av fjellområda, målet om å hindre motorferdsel i utmark og målet om å unngå støy i naturområde og i fjellet."
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har tidlegare gått mot prosjektet.
Tvilar på grunnlaget
Bjørn Skovly, leiar i Veitastrond grendalag, tvilar på grunnlaget for avgjerda.
Han er glad for å få ei avklaring, men mistenker den nye miljøvernministeren for å ha tatt for lett på den mykje omtala saka.
- Eg tolkar dette som eit prinsippvedtak som er tufta på klare, prinsipielle haldningar. Det er lov, men det betyr at dei ikkje har lagt vekt på demokratiske vedtak som er gjort lokalt. Dette vedtaket betyr til dømes kroken på døra for den lokale butikken i bygda, seier han.