Hopp til innhold

Ikkje fleirtal for Fjord1-sal

Det er ikkje fleirtal for å selje 25 prosent av aksjane i Fjord1, silk fylkesrådmannen har tilrådd. Verken Ap, Senterpartiet eller SV vil selje seg ned.

Kaffikopp frå Fjord 1
Foto: Arve Uglum / NRK

Fylkeskommunen vil også ved eit nedsal til 34 prosent eigarskap kunne ha kontroll over store avgjerder, og lokaliseringa av Fjord1-hovudkontoret i Florø. Men dei raudgrøne vil halde på dagens eigarpost.

Senterpartiet hadde gruppemøte i går kveld. Gruppeleiar Jenny Følling seier nedsal er uaktuelt.

– Vi vil oppretthalde eigarskapen i Fjord 1 fordi det er eit viktig selskap for fylket vårt.

– Men ved å selje seg ned til 34 prosent vil ein likevel ha styring og til dømes kunne nekte at hovudkontoret blir flytta. Samstundes får ein inn mykje pengar. Er ikkje det ei betre løysing?

– Vi skal diskutere saka når den kjem i fylkestinget og fylkestuvalet, seier ho.

Heller ikkje Arbeiderpartiet vil kjøpe eller selje aksjar i Fjord 1. Det seier fylkesordførarkandidat for Arbeidarpartiet, Åshild Kjelsnes.

Dermed er Fylkeskommunen eit steg nærmare samarbeide med reiarlaget Havila i eigarskapen av transportselskapet, heller enn å kjøpe seg opp. Kjelsnes seier dei vil halde fram med å eige 59 % av aksjane.

– Programmet vi går til val på, seier at vi skal vere ein aktiv aktør og behalde eigarskapen i Fjord 1.