Domstein meiner det nye selskapet hadde vore viktig i konkurranse med andre internasjonale selskap.
Det var spenning til det siste under generalforsamlinga i går kveld. Skulle fusjonen få eit JA, måtte meir enn to tredeler røyste for fusjonen. Men etter meir enn to timars diskusjon velta to storee amerikanske selskap, saman med nokre mindre aksjonærar, fusjonsplanane. Dermed var nederlaget for Rolf Domstein eit faktum. Han hadde tidlegare på kvelden sagt at han var positiv til fusjonen. Hovudargumentet for å stemme ned fusjonen var at eigarandelen i det nye selskapet vart langt mindre enn det Fjord Seafood-aksjonærane hadde rekna med. No er Fjord Seafood heilt avhengig av at selskapet får hente inn kapital på andre måtar, noko Domstein ser postitivt på, trass i at det til no har vore vanskeleg for det planlagde nye selskapet å få inn slike pengar.
Det vert no spekulert i om amerikanske interesser er på full fart inn i Fjord Seafood. Men Domstein fryktar ikkje at dei amerikanske aksjonærane har ein skjult agenda og avviser at dei med dette kan ta ein større del av selskapet.