Ikkje ferdig med reinsjakta

Jobben med å ta ut heile villreinstammen i Nordfjella er ikkje fullført, skriv Sogn Avis. For to veker sidan vart 23 dyr funne vest for Blåskavlen. Etter det er funne 10 dyr, ni simler og ein bukk, seier Petter Bråthen i Statens naturoppsyn. I fjor haust vedtok landbruksministeren at reinstammen i området skulle utryddast etter utbrot av skrantesjuke.

Vegopning på Bergum i Førde kommune