Hopp til innhold

Ikkje fem øre ekstra

Sjukehusa i Sogn og Fjordane får ikkje eit raudt øre av dei 60 millionane som Helse Vest fekk ekstra i revidert nasjonalbudsjett.

Administrasjonen i Helse Vest går nemleg inn for at alle ekstrakronene skal gå til avskrivingar. Det vekkjer sterke reaksjonar.

Leiar i brukarutvalet i Sogn og Fjordane, Oddveig Birkeland, er lite blid på administrasjonen i Helse Vest som vil bruke alle dei 60 ekstramillionane i revidert statsbudsjett til avskrivingar.

- Eg er skuffa og oppgitt. Eg blir kort og godt sjokkert, og dette må vi ta tak i straks. Vi skulle ha møte i brukarutvalet den 7. juni, men dette må vi gjere noko med med ein gong.

Må kutte 20 millionar

Det er berre ei veke til styret for sjukehusa i fylket må vedta kutt på 20 millionar kroner. Styremedlemmer i Helse Førde har sagt til NRK at både nærsjukehuset i Florø og den forsterka fødestova i Lærdal kan ryke for å få bukt med underskotet. Knut Leirgulen i aksjonskomiteen for Nordfjord sjukehus meiner difor at ekstraløyvinga frå Staten kunne ha blitt brukt på betre måtar enn til avskriving.

- Det burde ha gått til pasientretta tiltak, eg kan nemne fullverdig fødeavdeling i Lærdal og akuttberedskap, blautkirurgi og urologi i Nordfjord.

- Vil dekke opp etterslep

- Helse Vest har 90 millionar kroner i oppsamla avskrivingar som skulle ha vore fordelte på Helse Førde og dei tre andre helseføretaka på Vestlandet. Det har vi ikkje gjort fordi vi har tykt belastninga har vore for stor. Når Helse Vest no har fått 60 millionar kroner ekstra, går eg inn for å bruke dei til å dekkje opp noko av dette etterslepet, seier Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest.

Styret i Helse Vest skal handsame denne saka på styremøte 20. juni.