Ikkje et blåskjel frå Sognefjorden

Mattilsynet åtvarar mot å ete blåskjel frå Sognefjorden. Prøver tekne frå to stader i Sogn viser at det er lammande algegift i blåskjela, fortel distriktssjef Odd Tøsdal i Mattilsynet.

Blåskjell
Foto: Alrik Velsvik / NRK

Mattilsynet for Nordhordland har ansvaret for Gulen, og prøvene er tekne ved Brekke, men også lenger inne i Sognefjorden, ved Nateneset i Vik, er det for høg konsentrasjon av gift i blåskjela.

Mattilsynet har sett i gang overvaking av gift i blåskjel på rundt 50 stasjonar i heile landet. Her i fylket er det seks stasjonar. På dei fire stasjonane i Sunnfjord og Nordfjord, Kvamen i Fjaler, Langeneset i Flora, Vemmelsvik i Vågsøy og Torheim i Eid, er skjela fullt ut etande.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.