Hopp til innhold

Ikkje ein dråpe går i øko-kartongar

Øvre Mundal Samdrift i Fjærland produserer 180.000 liter økologisk mjølk i året, men ikkje ein dråpe av dette blir seld som økologisk mjølk.

Johannes Eggen Mundal

FORTVILAR: Det er fortvilande at ikkje ein dråpe av mjølka går i økologiske kartongar, seier gardbrukar Johannes Eggen Mundal.

Foto: Bård Siem / NRK

Johannes Eggen Mundal

FORNØGD: Dei økologiske kyrne er fornøgde, men mjølka deira blir tappa i vanlege kartongar.

Foto: Bård Siem / NRK

Bonde Åmund Mundal står saman med kollegaen Johannes Eggen Mundal i Øvre Mundal Samdrift og ser på kyrne sine som går med sprengfulle jur med økologisk mjølk.

– Det er fortvilande at mjølka vår ikkje bli tappa i økologisk kartongar. Poenget med økologsik produksjon er langt på veg borte, sukkar Åmund Mundal.

Blir blanda med vanleg mjølk

Mundal og Eggen Mundal la om til økologisk produksjon for to år sidan, og ein viktig motivasjon for å gjere dette var at dei ville produsere eit sunnare produkt på ein meir miljøvennleg måte.

Men no opplever dei at kvar dråpe av dei nærare 180.000 litera dei produserer årleg blir blanda saman med den vanlege mjølka på meieriet på Byrkjelo.

Vil ha betre marknadsføring

Eggen Mundal meiner leiinga i Tine SA kunne gjort meir for å få opp salet av økologisk mjølk.

– Det er ikkje tvil om at leiinga i Tine SA kunne gjort meir for å marknadsføre den økologisske mjølka. Også butikkane kunne gjort meir, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åmund Mundal og Johannes Eggen Mundal

LA OM: Åmund Mundal og Johannes Eggen Mundal la om til økologisk produksjon for to år sidan.

Foto: Bård Siem / NRK

Under halvparten seld som økologisk

Det viser seg nemleg at under halvparten av dei 38 millionar literane med økologisk mjølk som vart produsert på landsplan i fjor, vart seld som økologisk. Resten vart blanda saman med vanleg mjølk.

Ein stadig større del av den økologiske mjølka blir blanda saman med den vanlege.

– Vi slit rett og slett med å få forbrukarane til å kjøpe økologisk mjølk, seier kommunikasjonssjef Lars Galting i Tine SA.

Likar best sjokalademjølk

– Men blir den økologiske mjølka marknadsført godt nok?

– Når den økologiske mjølka er 20 prosent dyrare, viser det seg at det er få som kjøper. Tine driv marknadsføring ut mot varehandelen og det er klart det er butikkane som er utstillingsvindauge for dei økologiske produkta. Men her har Tine eit ansvar for å få synleggjort produkta betre.

– Kva med deg sjølv, drikk du vanleg mjølk eller økologisk?

– Eg drikk begge deler, men favoriitten min er sjokolademjølk, humrar Galtung.