Hopp til innhold

Ikkje droner i Jotunheimen

Nasjonalparkstyret vil ikkje tillate privat bruk av droner i Jotunheimen og Utladalen. Denne veka blei det kjend at nokon brukte drone til å filme på Galdhøpiggen. Nasjonalparkstyret meiner at hekkande fugl og villrein vil bli forstyrra dersom ein kjem for nær, og at folk som er på tur for å oppleve natur og stille vil oppleve ei drone som forstyrrande.