Hopp til innhold

I helga kjem vinteren på snarvisitt igjen

Laurdag morgon treng du ikkje heve augebryna om du blir møtt av eit kvitt teppe på plenen.

Så var vinteren her igjen
Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Ja, det er absolutt fare for at det som kjem i natt kan legge seg. Også i låglandet, seier statsmeteorolog Frode Hassel hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Byer mellom solgløtta

For dei som trudde at trivselsfylket var ferdige med snøen, kan tru om att. For inn mellom solgløtta vil ein kunne få det som meteorologane omtalar som kvit nedbør.

– Byevêret vil halde fram med sludd og snø heilt i fjæresteinane utover fredagen. Vinden langs kysten vil minke, og til kvelden blir det ein periode med skiftande bris, seier han.

Frode Hassel

FROST: Det blir både minusgrader og kvit nedbør i helga, fortel statsmeteorolog Frode Hassel.

Foto: Marit Hommedal

– Det ser ut som vi i kveld og natt får litt hyppigare byer i ytre strok. Laurdag blir det meir skiftande skydekke og enkelte byer. Så vil vinden ta seg opp frå nord-nordvest opp i liten kuling kanskje, legg han til.

Blir nattefrost

Det er kald luft frå Svalbard som har festa grep om landet dei neste dagane. Hassel seier det kan bli nattefrost dei aller fleste stadar. Spesielt i indre strok der kvikksølvet kan krype ned mot ti blå grader.

– Blir det ei skihelg?

– Det blir i alle fall kaldt og vinterleg, og eg vil tru at det blir påfyll av snø i skianlegg kring om. Det er sikkert mange stader ein framleis kan ha skiføre.

Dei som meiner å ikkje ha fått nok av våren, bør smørje seg med tolmod. For ting ser ikkje ut til å endre seg dramatisk med det første.

– Det vil ikkje komme ny luftmasse inn. Kaldlufta blir nok liggande nokre dagar, men den blir gradvis varma opp for kvar dag som går, avsluttar Hassel.