NRK Meny
Normal

Ikkje bjørneløyve

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal vil ikkje gje fellingsløyve for bjørnen det er funne sikre spor etter i Fjærland.

Sau drepen av bjørn i Fjærland.
Foto: Einar Fortun

Tre sauer er drepne av bjørn i Mundalsdalen i pinsa, men dersom bjørnen ikkje gjer større skade eller slår seg til ro i Sogn og Fjordane blir det ikkje gitt fellingsløyve.

Statens naturoppsyn trur same bjørnen drap to sauer i Gaular siste veka i mai, og det er heilt uvanleg med bjørn i dette området.

Fylkesmiljøvernsjefen trur det er snakk om ein retningsforvirra hannbjørn på streif i Sogn og Fjordane, og at bjørnen vil vende tilbake til resten av stamma på Austlandet.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå