Hopp til innhold

Ikkje bil i sjøen

Redningsdukkarane fann ikkje nokon bil i Førdefjorden, og politiet har avslutta søket etter ein mogleg bil i sjøen ved Selvik på riksveg 614 mellom Førde og Askvoll.

Ein bil hadde køyrt ned autovernet tysdag kveld.
Foto: Steinar Lote / NRK

Autovernet er køyrt ned i ei lengde på 40 meter, og politiet frykta at ein bil kunne ha køyrt i fjorden.

Ungdom køyrde i autovernet

Eit vitne har meldt at ein bil stod skadd ved staden i går kveld, og politiet reknar difor med at ingen er alvorleg skadde. Det viste seg at ein ungdom hadde køyrt i autovernet utan å melde frå. Politiet ser alvorleg på dette og vil no opprette politisak mot han.