Hopp til innhold

Ikkje best rusta for ekstremvêr

I dag vart ein rapport utarbeidd av forsikringsselskapet If og CICERO, senter for klimaforsking publisert. Han viser kva for kommunar i Noreg som er best rusta for ekstremvêr. Blant dei topp 25 kommunane er ingen av dei i Sogn og Fjordane. – Eg er ikkje uroa for det som kjem fram i rapporten, men eg ser at det er ein stor jobb å gjere for å vere budd på klimaet i framtida, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stendsvand.