Hopp til innhold

Ikkje berre opera i operahuset

Kurt Nilsen, Trond-Viggo Torgersen og Ellen Horn er blant namna som står på haustplakaten til Opera Nordfjord. Og rett før jul kjem ein av verdas beste pianistar på besøk.

Opera Nordfjord - kveld
Foto: NRK

Leiv Ove Andsnes er etterspurt over heile verda, og held konsertar i dei største konsertsalane. Om eit halvt år kjem han til Nordfjord.

- Jobba lenge for å få Andsnes

Opera Nordfjord har tradisjonelt hatt stort fokus på klassisk musikk.

Leif Ove Andsnes

Pianisten Leiv Ove Andsnes er rekna for å vere ein av verdas beste.

Foto: presse

Men det spørs om det går an å toppe piano-einaren.

- Eg er veldig stolt av programmet vi legg fram. Noko av det har vi jobba lenge med, som til døme Leiv Ove Andsnes. Han er ein favoritt for mange, inkludert meg sjølv, fortel operahusleiar Geir Holmen.

Humor og julemusikk

Det blir mange operaframsyningar i Nordfjord, også denne hausten, med både Tryllefløyten og utdrag frå Carmen. Men det blir òg humor og ein god dose julestemning.

Operasjef Geir Holmen før opninga av det nye rockehuset på Eid
Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

- Juleturnèar er eit fenomen som vi vil ha også i operahuset vårt. Vi håpar Kurt Nilsen får fram god stemning når han kjem i november. Ut i desember står Trond Viggo Torgersen på scena med snowet "Tenke sjæl". Det er kvalitetshumor på høgt plan, meiner Holmen.

- De har valt mykje anna enn opera. Kvifor det?

- Det skal vere rom for alle i operahuset i Eid. Vi har stort fokus på klassisk musikk, men vi må tore å prøve noko nytt iblant.

- Tryllefløyten blir magisk

Vestlandske sommarsymfoni får æra av å starte haustsesongen. Til Nordfjord kjem også Asmund Nordstoga, Kirsten Bråten Berg og Ellen Horn. Sistnemnte skal gje innsikt i Sigrid Undset sitt liv.

Familiefavoritten Gråtass kjem også innom, før julesesongen startar for fullt med Hanne Krogh og tre tenorar.

Artikkelen held fram under biletet.

Opera

Det vert også tradisjonelle operaframsyningar i Nordfjord i haust.

Foto: NRK

- Eg gler meg veldig til både Andsnes og Kirsten Bråten Berg, det er mine to favorittar. Og så blir jo Tryllefløyten magisk, med mange sceneskifter. Det blir ein veldig bra haust, avsluttar operahusleiar Holmen.

Det komplette haustprogrammet til Opera Nordfjord finn du her