Hopp til innhold

Ikkje berre englar og nissar på juletreet

Vi elskar å pynte til jul, men det vi heng på juletreet har ikkje alltid vore det same. Ved Nordfjord Folkemuseum stiller dei for første gong ut gamal juletrepynt frå museumssamlinga.

Heimelaga juletrepynt.
Foto: Synne Ulltang / NRK

– Noko kjenner folk att, mens noko tviler eg på at dei har sett før.

Det seier Anne Kristin Moe, kulturhistorikar og avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum.

– Juletrepynt er noko folk er opptatt av, og vi ønsker å formidle kor tradisjonane kjem frå, seier ho.

Avdelingsdirektør Anne Kristin Moe står framfor juletrepynt.

POPULÆRT: Folk viser større interesse for å ha juletrepynt i gamal stil på trea, seier Anne Kristin Moe ved Nordfjord Folkemuseum.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Skiftande trendar

Utstillinga viser pynt frå 1880 og fram til i dag, og det er både heimelaga og kjøpte dekorasjonar.

– Juletrepynt er ein tradisjon som kom til oss via Tyskland der handverkarane i mellomalderen begynte med juletre, fortel Moe.

Først på 1820-talet kom tradisjonen til Noreg, og det første juletreet i Oslo blei pynta. Då det blei vanleg å ha juletre i heimane, pynta folk med det dei hadde.

Gamaldags juletrepynt frå Nordfjord Folkemuseum.

IMPORTERT: Mykje av den kjøpte pynten kom frå Tyskland.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Frå heimelaga til masseproduksjon

Ved å samle juletrepynt frå ulike tiår blir det tydeleg korleis pynten har endra seg. I etterkrigstida var det populært med masseprodusert pynt.

– På ein måte var det eit større mangfald før, seier Moe.

Til dømes var det vanleg med glaspynt i ulike fargar og formar. Før kunne det henge både konglar, eksotiske frukter, klokker, elefantar og kalkunar i fargerik glas på trea.

– No er det ulike trendar og nokon sver til ein stil, enten fargerik eller minimalisme. Samtidig er folk opptatt av tradisjonar og samlar frå ulike tiår, fortel Moe.

Nordfjord Folkemuseum med snø.

NY TRADISJON: Museet sett fokus på opphavet til tradisjonane i utstillinga.

Foto: Synne Ulltang / NRK