Hopp til innhold

Ikkje avhøyr av drapssikta denne veka

Mannen som er sikta for trippeldrapet på Valdresekspressen, blir ikkje avhøyrt denne veka.

Løseth og åstaden

IKKJE AVHØYR DENNE VEKA: Regionlensmann Åge Løseth i Sogn seier at den trippeldrapssikta ikkje blir avhøyrt før tidlegast neste veke.

Foto: Øyvind Bye Skille/Alf Vidar Snæland / NRK

Det stadfestar regionlensmann i Sogn, Åge Løseth. 30-åringen frå Sør-Sudan er innlagt på psykiatrisk sjukehus, og over to veker etter drapa er han framleis ikkje avhøyrt.

– Den sikta er førebels ikkje avhøyrt. Tilbakemeldingane vi har fått frå forsvararen hans, er det ikkje er aktuelt med avhøyr denne veka, seier han.

Held fram etterforskinga

Lensmannen seier at etterforskinga held fram etter planen, sjølv om det ikkje blir avhøyr enno.

– Planen vår blir ikkje påverka av om sikta forklarar seg eller ikkje, men det er sterkt ønskeleg å få forklaringa hans så snart som råd er.

– Kva er årsaka til at det ikkje blir avhøyr denne veka?

– Forsvararen hans seier at det ikkje let seg gjere, seier han.

Har ikkje fått tak i vennen

Den trippeldrapssikta sørsudanaren hadde éin venn på mottaket i Årdal. Mannen blei sendt ut av Norge same dag som drapa skjedde.Politiet ønskjer å snakke med mannen fordi han kan kjente den sikta godt.

– Per no har vi ikkje kome i kontakt med mannen som blei sendt til Italia. Etter det vi kjenner til skal han framleis vere der og vi jobbar med å oppspore han gjennom kanalane våre, seier han.