Hopp til innhold

Kjenner på klespresset før juleballet

Juleball på ungdomsskulane skapar klespress. – Det er enkelte uskrivne reglar som folk følgjer, seier niande klassing.

Ungdomskuleelvar

KODAR: Ole Jin Woo Hogrenning Ravnestad (f.v), Mathias Aa Sandal, Dorthea Unnachat Evebø og Sara Lothe Rustøen bekreftar at det finst visse kleskodar.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Folk i 10. klasse går med lange kjolar, folk i 9. går med tettsitjande kjolar, og folk i 8. går med visse kjolar. Det er liksom sånne reglar som folk følgjer, sjølv om det ikkje er ein regel, seier Dorthea Unnachat Evebø i niande klasse på Gloppen ungdomsskule.

Ungdommane ved Gloppen ungdomsskule opplever presset i ulik grad, men mange bekreftar at det finst visse kleskodar som mange føler seg pressa til å følgje.

Artist Tatiana Palanca kjenner seg igjen i redselen for å ikkje passe inn. Ho kom til Noreg som tiåring, og følte seg annleis med sin afrikanske bakgrunn.

Miss Tati til Månefestivalen

AKTUELL: Tatiana Palanca er kjend under artistnamnet Miss Tati. Ho er aktuell med underhaldningsprogrammet Muitte mu på NRK, der kjende artistar skal lære seg å joike.

Foto: Roy Bjorge

– Eg skulle ynskje at eg kunne ha sagt til meg sjølv då eg var 14 år at livet ikkje er slik du trur. Du må løfte blikket, og vite at du ikkje treng å vere redd for kva andre synest om deg, seier Palanca.

Ho meiner at det å gå imot straumen er ein viktig del av å finne seg sjølv.

– Dei som går imot straumen er modne på eit heilt anna nivå. Det er ein fordel å vere unik og ikkje vere lik alle andre, seier ho.

Ber foreldra endre haldningane til ungane

Rektor Ragnhild Bruvoll

ENDRE HALDNING: Rektor Ragnhild Bruvoll er oppteken av at ein må involvere foreldra og endre haldningane blant elevane.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Ragnhild Bruvoll, rektor på Gloppen ungdomsskule, har skrive eit innlegg på Facebook for å nå ut til foreldra til ungdommane, med bodskap om å få slutt på dette klespresset.

– Dei ser veldig fram til denne kvelden. Det skal vere lov å pynte seg, men me vil unngå kleskodane, det skal vere greitt å gå i noko anna enn dress, seier Bruvoll.

Re-designar oppfordrar om gjenbruk.

Tuva Listau

GJENBRUK: Tuva Listau opplever at det finst veldig mykje av høg kvalitet på gjenbruksmarknaden.

Foto: Hilde Omberg

Tuva Listau har lenge drive med re-design av brudekjolar. Ho er stor tilhengar av gjenbruk, og har i heile 2018 hatt ei pakt med seg sjølv om å ikkje kjøpe noko nytt.

– Fokuset bør vere på kva ein skal oppleve den dagen. Ein vil jo gjerne føle seg fin, så det er synd at ein skal kjenne på klespress, og ikkje berre kunne gå i noko ein sjølv føler seg vel i, seier ho.

Ho oppmodar elevane om å tørre å vere seg sjølv, og meiner at det er kjekkare å gå med eit plagg som ikkje alle andre har.

Elevrådet tek ansvar

Nokre av elevane i Gloppen har same tankar som Listau. Elevrådet er opptekne av at medelevane ikkje skal føle noko press rundt korleis dei skal pynte seg.

Elevrådet på Gloppen ungdomsskule

TEK ANSVAR: Johannes Øvreseth (f.v.), Thea Rygg, Anna Lothe Fjellestad og Mathias Aa Sandal fortel at elevrådet har snakka med medelevane sine om presset.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Dei har vore rundt og snakka med alle klassane om at ein skal gå med det ein sjølv vil.

– Du kan jo låne visst du kjenner nokon som har hatt ein juleballkjole før, eller kjøpe billig, seier elevrådsleiar Tilde Sæthre.