Hopp til innhold

Her ligg fiskebåten som glippa på lykkeåret i norsk fiske

RAUDEBERG (NRK): Medan fiskarane har hatt eit strålande år, har denne båten gått glipp av heile gildet.

Fanøyvåg

SKULLE VORE TIL HAVS: Reiarane tok sjansen på å bygge ein splitter ny båt. Dermed har «MS Fanøyvåg» blitt liggande til kai i det som har vore det beste året for norsk fiskerinæring.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det kriblar godt etter å komme seg ut, seier Geir Henning Seljeseth som er reiar i Fanøyvåg.

Fiskebåtreiarane i fylket har lagt bak seg eit svært godt år. Eksporten har auka og inntektene til båtane har skote i vêret, mykje grunna svak krone og gode råvareprisar. Men ikkje alle har fått med seg oppturen.

Valde å bygge båt

Far og son Seljeset frå Batalden har ikkje fått med seg oppturen fordi dei satsa på å bygge ein ny båt – «MS Fanøyvåg».

– Det har vore kjekt å følgje med på oppturen til dei andre. Det viser at vi har satsa rett og til rett tid. Prisane har auka heile tida, så eg er spent på korleis det vil sjå ut resten av året.

Begge to er trygge på at investeringa i ny båt vil vere lønsam på sikt.

Fiskarar til kai

SATSA PÅ NY BÅT: Far og son, Geir Henning og Johnny Seljeseth har bygt båten «MS Fanøyvåg».

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Då vi bestemte oss for å bygge var torsken 12,5 kroner. No ligg den på 25 kroner kiloet, smiler Seljeset.

– Det lovar veldig bra. Vi håpar prisane vil halde seg stabilt høge. Vi treng nokre gode år for vi har eigentleg hatt sju dårlege år, så no treng vi sju gode år.

Formidabel prisauke på fisken

Ein som hugsar både oppturane og nedturane i fiskeriet er Johnny Seljeseth, far til Henning.

– Eg er veldig glad for utviklinga. Det såg skikkeleg mørkt ut ein periode med veldig dårlege prisar. Men no ser det likare ut. Det er positivt.

– De valde jo å bygge båt sjølv om de ikkje hadde sett oppturen då?

– Eg har sett både oppturar og nedturar. Så eg veit av erfaring at det er veldig dårleg ein periode, men så kjem det seg raskt opp att.

Direktør i Vest-Norges Fiskesalslag

– EIT LYKKEÅR: Magnor Åsebø er direktør i Vest-Norges Fiskesalslag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eit lykkeår for fiskerinæringa

Også for fiskesalslaga og reiarlaga har det vore eit godt år, fortel Magnor Åsebø som er direktør i Vest-Norges Fiskesalslag.

– Det har vore det desidert beste året vi har hatt. 2014 var eit rekordår på 496 millionar kroner. I 2015 hadde vi ein omsetning på 607 millionar kroner. så det er veldig bra.

– Sjølvsagt er vi fornøgde. Det er fiskarane og fiskarane som leverer i vårt område som skaper verdiane. Det ser ut til å bli eit kanonår for dei fleste, og eit lykkeår for norsk fiskerinæring.