Hopp til innhold

Ikkje aktuelt å selje Havhesten

Det er ikkje aktuelt for Flora kommune å selje badeanlegget Havhesten, slik Venstre-leiar Jan Henrik Nygård føreslo i media.

Havhesten
Foto: NRK

Nygård la ikkje fram forslaget på formannskapsmøtet torsdag ettermiddag.

Kjem med forslag seinare

Men Venstre varsla eit forslag som handlar om drift og eigarskap av alle idrettsanlegga i kommunen.

 Kommunen har eit underskot på over 13 millionar kroner. Likevel bestemte formannskapet at dei vil bruke meir pengar enn det rådmannen tilrår. Påplussinga kjem på skule og eldreomsorg.