Hopp til innhold

Ikkje akkurat cupfeber for Sogndal...

HamKam-trenar Kent Bergersen har ingen tru på cupstemning når Sogndal kjem på besøk i andre runde i NM i kveld.

HamKam

NEDTUR: Allereie i september vart det klart at HamKam måtte ned ein divisjon. Då var det ikkje særleg lysteleg stemning på Hamar.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Mykje folk? Nei, det blir nok ikkje mykje. Eg vil tru det kjem 400–500 tilskodarar, seier Kent Bergersen.

Sogndal kjempar onsdag kveld om avansement til tredje runde i cupen. Motstandar på Hamar er den gamle aristokraten HamKam, som no er å finne heilt nede i andredivisjon.

Trenar Bergersen meiner det skal tilseie at bortelaget tek seg vidare.

– Alt er mogleg i fotball, men Sogndal skal vere betre enn oss, seier han.

Klubben er i gang med å byggje opp att

Det har gått nokre månader sidan ei av HamKam sine tyngste stunder nokon gong. Allereie i midten av september var det klart at skuta gjekk ned. Nedrykket frå førstedivisjon var eit faktum.

Aldri hadde eit lag teke færre poeng i førstedivisjon enn det HamKam gjorde i fjor.

– Alt har rasa saman. Vi må byggje alt heilt frå byrjinga igjen, seier Bergersen.

Difor har han heller ikkje tru på at folk på Hamar tek turen til Briskeby i særleg grad. Sjølv ikkje når det er cup og eit topplag frå førstedivisjon på plakaten.

Briskeby gressbane

BRISKEBY: Det har vore betre struktur på Briskeby tidlegere enn det var i 2014... Her skal Sogndal spele cupkamp i kveld.

Foto: Mette Finborud Børresen

Synest Sogndal er eit solid lag

Og difor har han heller ikkje veldig stor tru på at heimelaget skal kunne klå Sogndal. Eigentleg kunne trenaren helst tenkje seg å møte eit betre lag.

– Vi byggjer eit heilt nytt lag, og har ikkje stort håp mot Sogndal. Samstundes tenkjer vi økonomi, og hadde helst sett at vi fekk eit lag frå eliteserien som kunne trekkje meir folk på kampen. Eventuelt eit lag frå andredivisjon, som vi kunne ha slege ut og avansert, seier Bergersen.

Sogndal har dei siste seriekampane tapt 1–3 heime mot Levanger og spelt 1–1 borte mot Kristiansund. Bergersen håpar spelarane vil slå seg litt laus og spele sitt eige spel.

– Eg synest Sogndal er solide. Dei er fysisk sterke, og er ei blanding av unge og gamle spelarar. Eg veit vi møter eit bra lag – eitt av dei beste i førstedivisjon, seier Bergersen.

Kaupanger-kvinnene spelar borte mot Arna-Bjørnar klokka 19 i kveld.