Hopp til innhold

Ordføraren meiner Jølster har nok med eitt asylmottak

Det blir igjen jobba for å opprette eit asylmottak for einslege mindreårige på Skei i Jølster.

Oddmund Klakegg

SKEPTISK: Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster meiner to asylmottak i kommunen blir eitt for mykje.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Den private aktøren Norsk Mottaksdrift håpar å kunne ta imot dei første asylsøkjarane allereie i mars. Det er eit asylmottak i kommunen frå før, og Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp) er skeptisk til endå eit mottak.

– Her kan vi få økonomiske utfordringar med det, men det vil og krevje veldig mykje av kommuneorganisasjonen å få eitt mottak til. No driv vi eitt mottak, og det har vi fått tilbakemelding på at vi gjer på ein veldig god måte. Vi trudde at vi gjer ein bra nok innsats med det eine mottaket.

I slutten av januar avgjer Utlendingsdirektoratet (UDI) om Skei i Jølster får eit asylmottak for einslege mindreårige. Planen er å ta i bruk det nedlagde HV 10-bygget på Skei frå 1. mars i år, og at det skal huse 25 einslege mindreårige.

Livsmeistringssenteret - tidl. HV10 på Skei

LEDIGE BYGNINGAR: Det tidlegare HV10-bygget på Skei er aktuelt for mottaksdrift.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Har lite å frykte

På Vassenden i Jølster er det allereie eit mottak med nærare 100 bebuarar. Dette er nok asylsøkjarar for ein liten kommune som Jølster, meiner ordførar Klakegg. Tore Vaagen, styreleiar i forumet Asylmottaka i Norge, meiner på si side at Klakegg har lite å frykte.

– Mi erfaring er at det er ikkje grunnlag for å vere så veldig redd for det. Ofte krevst det ikkje så mange offentlege tenestetilbod til denne gruppa. Dei skal ha helsehjelp og grunnskule, men ofte vil kommunar flest kunne handtere dette utan at det blir så store ringverknader.

Også før jul jobba Norsk Mottaksdrift for å opprette eit mottak for einslege mindreårige på Skei, men heile prosessen stoppa opp på grunn av formelle feil i konkurransegrunnlaget frå UDI si side.

No prøver den private aktøren igjen å starte eit mottak i Jølster, som truleg får konkurranse frå Hå og Lund i Rogaland. UDI ønskjer per i dag ikkje å kommentere saka.

Asylmottak Jølster

HAR ASYLMOTTAK FRÅ FØR: På Vassenden har det i fleire år vore asylmottak.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Jølster to, Bergen eitt mottak

Klakegg stiller seg underande til at små kommunar som Jølster med berre om lag 3000 innbyggjarar skal ha to asylmottak, medan store byar har færre mottak.

– Vi legg merke til at i samfunnet rundt oss skal ting sentraliserast. Særleg er det offentlege ivrig på å sentralisere tenester og offentlege funksjonar. Då synest eg det er spesielt at mottaksdrift skal desentraliserast. No skal Jølster kanskje få to mottak, medan ein stor kommune som Bergen berre har eitt.

Vaagen viser til at asylungdommane kan bli ein ressurs for kommunen, og at det elles vil gje mange positive ringverknader.

– Det skaper verksemd, og det gir arbeidsplassar. Når det gjeld einslege asylsøkarar er det det som gir flest arbeidsplassar, i og med at det skal vere døgnbemanning. Og den lokale handelsstanden vil merke positiv effekt ved at det blir kjøpt meir.

Klakegg er samd i at ungdommane kan bli ein ressurs for lokalsamfunnet, men trass i at asylmottaket vil medføre ein god del i statlege overføringar, stiller han seg tvilande til om det økonomiske reknestykket blir positivt for kommunen.

– Om vi vil tene gode pengar tvilar eg på. Dette er ei krevjande gruppe, unge mellom 15 og 18 år, og kommunen er pålagd å yte ein del tenester.