Hopp til innhold

Idrettsmann fekk fortenestemedalje

Ingvald Ytrehus frå Svelgen fekk laurdag Kongens fortenestemedalje i sølv for lang og tru teneste for idretten.

Ingvald Ytrehus får fortenestemedalje i sølv

Her får Ingvald Ytrehus Kongens fortenestemedalje i Sølv av ordførar i Bremanger Kåre Olav Svarstad.

Foto: Frank Ryland

Dette skjedde under "INC leikane" i friidrett i eit fullsett Svelgen Idrettshus. Ordførar i Bremanger kommune, Kåre Olav Svarstad delte ut medaljen.

Vil ikkje trappe ned

- Ingvald Ytrehus har i godt over 40 år vore ein svært så engasjert person, som har sett idrettslaget og ungane sine behov føre eigne interesser. Sjølv om han fylde 70 år i fjor har han ingen planar om å trappe ned, verken som leiar, trenar eller eldsjel i idrettslaget, seier Frank Ryland, forfattar av ei historiebok om Svelgen TIF.

I 1964 og 1965 tok Ingvald Ytrehus sine første verv i Svelgen Turn- og Idrettsforening, STIF, då han vart vald til styremedlem i friidrettsgruppa.

Sidan den gongen har det vore mange verv for Ytrehus. For frå 1976 og fram til no har han vore formann eller leiar for friidretten i STIF.

Imponert

- Utan å ta munnen for full, kan ein trygt sei at utan Ytrehus sin fantastiske innsats for friidretten, så hadde ikkje friidrettsgruppa i STIF eksistert framleis. På ein stad som Svelgen der utøvarane må reise vekk for utdanning, må ein rekne med å miste utøvarane når dei vert 16-18 år gamle.

Men Ytrehus har ikkje gjeve opp, sjølv om mange av talenta han trena forsvann.

- Nokon og ein kvar ville nok gjeve opp når ein gong etter gong får oppleve at utøvarane ein har trena mange gongar i veka gjennom mange år forsvinn, men Ytrehus har til stadigheit fått fram nye utøvarar når det har sett mørkt ut for friidretten i bygda.

Aktiv i fylket

I tillegg til arbeidet med borna og ungdomane har Ytrehus arbeidd i mange på å vedlikehalde friidrettsdelen av Svelgen stadion.

- Han har også lagt ned enormt med tid på aktivitet som har gjeve pengar i kassa til friidrettsgruppa, seier Ryland.

Ytrehus har også i mange år hatt verv på krinsplan i friidretten i Sogn og Fjordane, både som trenar, i styret, og to år som krinsleiar. Han har og i over 25 år vore friidrettsdommar på større og mindre stemner rundt om i landet.