Hopp til innhold

Idrettslag skal gi e-sportungdom meir enn berre dataspel

MÅLØY (NRK): E-sportlaget «Operation Archery» er blitt ein del av det lokale idrettslaget. No skal kosthald, trening og søvn takast på alvor – i tillegg til dataspeling.

Markus Solberg og Aron Solheim

MEDLEMMAR I E-SPORTLAG: Markus Solberg og Aron Solheim er begge medlemmar av e-sportlaget «Operation Archery» som no er blitt ein del av Skavøypoll Idrettslag.

Foto: Ragnhild Voreland / NRK

– Eg tenkjer at søvn og kosthald er veldig viktig. Mange gamerar bryr seg ikkje om dette. Eg kjenner sjølv at om eg ikkje et skikkeleg, så kan eg bli veldig ukonsentrert når eg skal spela, seier 14 år gamle Markus Solberg. Han er ein av dei nye medlemmane.

I Vågsøy kommune finn me e-sportlaget «Operation Archery» som no har blitt ein del av Skavøypoll Idrettslag.

E-sport er dataspeling i konkurranseform. Gjennom å konkurrera deg til topps i dataspeling kan du vinna store pengesummar.

Sporten er i enorm vekst. Ifølgje E24 vil etter kvart e-sport ha fleire sjåarar enn verdas største sportsliga, den amerikanske National Football League (NFL) (ekstern lenke).

– Skal du sitja i ei turnering dag etter dag, time etter time, vera heilt på og vinna, så må du vera topptrent. Du må vera klar i hovudet. Alle medlemmane våre i dag er fysisk aktive, utanom dataspelinga, seier leiar av e-sportlaget, Geir Arne Solheim.

Geir Arne Solheim

LEIAR: Geir Arne Solheim ynskjer å fokusera på komplette spelarar. Kosthald, trening, nok søvn og ein sosial arena står i fokus.

Foto: Ragnhild Voreland / NRK

– Målet er ikkje nødvendigvis å få gode spelarar

Til dataspeling er det knytt haldningsutfordringar som for lite søvn, dårleg kosthald og lite fysisk aktivitet. E-sportlaget ynskjer å ta tak i dette og få ungdomen til å skjøna viktigheita av gode rutinar, særleg når du skal driva med dataspel som idrett.

– Dersom me no kan ta tak i det og gjera noko med det, slik at me kan unngå problema, så kan me forsterka dei positive sidene som går på trivsel, mental helse og aksept frå foreldre.

Solheim seier at elevar som et rett, gjer arbeidsoppgåvene sine jamt og trutt og søv nok, presterer betre i skulen. Dei same mekanismane gjeld i e-sport.

– Målet er ikkje nødvendigvis å få gode spelarar, men gode ungdomar som skal lukkast i andre ting dei gjer når dei veks opp. Nøkkelen er allsidigheit, seier Solheim.

Birte Sandal Rikstad

FOLKEHELSEKOORDINATOR: Birte Sandal Rikstad er folkehelsekoordinator i Vågsøy kommune. Ho er oppteken av det som er rundt dataspelaren.

Foto: Ragnhild Voreland / NRK

«Energidrikk, sjokolade og pizza»

– Eg er oppteken av det som er rundt spelaren, den psykiske og fysiske helsa deira. Me skal sjå ein samanheng mellom ting, seier folkehelsekoordinator i Vågsøy kommune, Birte Sandal Rikstad.

Rikstad trur at skal dei nå fram til ungdomen må dei visa til dei store profesjonelle spelarane.

– Dei sit ikkje berre på rumpa, drikk energidrikk og et sjokolade når dei spelar. Dei er fysisk aktive, har fokus på kosthald og ser samanhengen mellom ting for å kunna klara og halda seg aktive i toppen og kroppen, Rikstad.

Markus Solberg

VIL BLI KJEND: Markus Solberg (14) har tidlegare spelt fotball. No har han som mål å bli kjend innan dataspeling.

Foto: Ragnhild Voreland / NRK

Mål om å bli kjend

Markus Solberg seier at mange som spelar dataspel har eit mål om å bli kjend. Sjølv ynskjer han det same.

– Dei fleste har ikkje ein jobb dei elskar, men i dataspel kan du tene mykje pengar på å gjera det du har lyst til. Eg skal spela mykje, men fyrst må ein jo alltid fokusera på skule.