NRK Meny
Normal

Idretten i Førde går glipp av millionar på grunn av søknadsrot

Pengestøtte i millionklassa til idretten i Førde er utsett i minst eit år på grunn av søknadsrot. Kommunen fortvilar over streng regeltolking.

Hafstad idrettspark i Førde

MILLIONAR: Spelemidlane Førde kommune hadde håpt på til Hafstad idrettspark let vente på seg.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi søkte om spelemidlar i 2014, men fekk avslag fordi retten til grunnen ikkje var avgjort, og vi ikkje har fått skøyte på anlegget. Vi har bevist at vi har rett til grunnen, fortel kommunalsjef Trond Ueland,

Han syner fram teikningar og planar for Hafstadparken, eit av dei største idrettsanlegga som er bygde i fylket dei siste åra. To kunstgrasbaner, rulleskiløype, sandvolleybane, skiløype, skytebane, BMX-bane og mykje meir er på plass eller under arbeid i parken.

– Det er umogleg utan spelemidlar, det må vi ha, understrekar Ueland.

Forstår ikkje tolkingsendring

Spelemidlar er pengar frå Norsk Tipping, som skal brukast på idrettsanlegg. Fylkeskommunen administrer utdelinga, og har ikkje godkjent søknaden frå Førde kommune.

Eigedomen vart teken over med tvang for å bygge aktivitetsparken, og det har vore fleire rettsrundar med den tidlegare eigaren om erstatningssummen. Fylkeskommunen meiner det ikkje er bevist at kommunen kan bruke grunnen. Dermed må Førde kommune dekke alle utgifter sjølve. Fleire tidlegare prosjekt har fått økonomisk støtte, trass i at dei som har søkt ikkje formelt eig grunnen.

Trond Ueland er frustrer over at dei ikkje får spelemidlar til eit av kommunen sine største prosjekt

FRUSTRERT: Kommunalsjef i Førde, Trond Ueland, hadde håpt Fylkeskommunen ville utøve skjønn og løyve spelemidlar til idrettsanlegget i Førde.

Foto: Sindre Sunde Tveit

– Vi søkte i 2013 også, og då fekk vi søknaden godkjent. Så praksis er endra. Slik regelverket blir tolka no er det veldig strengt, meiner Ueland.

Har blitt strengare

Fylkeskommunen innrømmer at dei har blitt noko strengare, men avviser at det er gjort feil frå deira side.

– Gjennom ulike søknadar oppdaga vi at det var punkt vi hadde teke for lett på før, no har vi gjort ein grundigare jobb for å vere sikker på at vår handtering er i tråd med regelverket, seier Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad.

Fylkeskommunen meiner Førde kommune burde søkt Kulturdepartementet om dispensasjon for å bruke tomta i mellomtida, noko dei ikkje har gjort, og som heller ikkje har vore eit krav tidlegare.

Erikstad8

RIKTIG: Fylkeskommunen si handtering av søknaden har blitt noko strengare, men er også riktigare, meiner direktør for kultur, Ingebjørg Erikstad.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Håpar på pengar neste år

At Førde kommune er skuffa over avslag på søknaden forstår ho godt.

– Eg skjønar at det er ein strek i rekninga, men når vi forvaltar så store midlar, så må vi vere sikre på at vurderingane vi gjer er rette, seier kulturdirektøren.

No er dispensasjonen frå Kulturdepartementet på plass, og ein ny søknad om midlar kan bli innvilga neste år. Ueland er likevel skuffa over lite hjelp frå Fylkeskommunen.

– Dei er regional utviklingsaktør, og kunne nok vore meir velvillige og hjelpt oss, det syns eg nok.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå