Hopp til innhold

Dette syng Idol-Vegard på fredag

I morgon syng Vegard Leite (19) songen «Life is a highway», og satsar hardt på gå vidare og bli blant topp 5 i Idol.

Vegard Leite Finalist

GLER SEG: Vegard Leite frå Værlandet ser fram til å få synt ei meir rocka side av seg sjølv fredag.

Foto: Thomas Reisæter / Idol 2011 fra fjerde finalerunde

Han håpar at framføringa av songen, som kanskje er mest kjend frå barnefilmen «Biler», skal føre han hakket nærare ein draum om å få gi ut plate på Universal.

– Det blir utruleg spennande. Eg gler meg, seier Leite.

Å finne rett song, var ikkje så lett denne gongen, men han er nøgd med valet.

– Eg leita ganske mykje gjennom ganske mange filmar. Det var denne eg tykte passa best til stemma mi, seier Leite.

Fredag skal seks bli til fem. Kvar fredag framover blir ein deltakar stemt ut. 16. desember er det endeleg finale, då står dei to beste att og skal kjempe om platekontrakt med Universal.

Kjem ikkje til å slutte å smile

Fleire av dommarane har etterlyst ein røffare stil. Og det trur han dei kan få oppleve i morgon.

– Eg trur det. Denne songen er litt lettare å leve seg inn i enn dei førre. Og det gjer ikkje noko at eg smiler litt når eg syng heller, seier Leite.

Uverkeleg å ha komme så langt

At han er ein av seks som står att i Idol-sirkuset, tykkjer han er uverkeleg.

– Det er heilt utruleg. Eg hadde aldri trudd det. Seks av 5500, det har ikkje gått heilt opp for meg, seier Leite, som slett ikkje byrjar å bli lei av alt styret.

– Nei, det er berre kjekt.

Mykje familie i salen

På fredag tek familien turen frå Værlandet for å sjå han, og som vanleg er også kjærasten i salen.

– Eg set veldig stor pris på all støtte, seier Leite.

Tradisjonen tru vil det også vere Idol-pub i Værlandet.

– Du må nesten dra til Værlandet og halde ein skikkeleg stor konsert for værlendingane når alt dette er over?

– Ja, eg må nesten det. For å gi dei att litt for all støtta, seier Leite.