- Det har vore veldig spesielt å spele inn si eiga plate. Det har vore ein hard jobb, men fantastisk morosamt og lærerikt. Det artigaste har vore å få spele med så mange gode musikarar, og det å få skrive sine eigne låtar, seier Idol-Tone som i går slapp singelen frå hennar første plate.
Dei 11 andre låtane kjem då albumet blir lansert 5. desember. I to månader har ho jobba med innspelinga. Produsent er gitaristen Geir Sundstøl.
Sjå også: Idol-Tone flyttar heim frå sirkuset
Tone Damli Aaberge vart nummer to i Idol-finalen i vår. Foto: Scanpix
Skriv om kjærastar
- Eg er veldig godt fornøgd så langt. Den siste innspurten går denne veka, så heilt oversikt over resultatet har eg ikkje, seier Damli Aaberge som har skrive åtte av songane sjølv.
- Eg skriv om ting som opptek meg og ungdom på min alder. Mellom anna har eg skrive ein sang til ei venninne som eg tykkte fortente det. Og så er det litt kjærastar og slike ting. Ikkje det at eg har ein kjæraste no altså....
Nervøs før sleppet
Tone Damli Aaberge seier ho er litt nervøs før platesleppet.
- Men det skal ein vere når ein skal ut med si første plate. Eg fekk veldig dårlege kritikkar heile vegen då eg var med i Idol, så det er eg van med. Eg blir ikkje knust om plata blir vraka av kritikarane, men blir samtidig veldig glad om det motsette skjer, seier ho.