- Eg ynskjer meg konstruktiv kritikk, for då veit eg kva eg skal jobbe med, seier Eva Weel Skram. Då ho song "Tomorrow Never Dies" i finaleomgangen for halvanna veke sidan, kalla Idol-dommar Tone Lise Skagefoss henne for ei isdronning. Eva lurer på korleis ho skal oppfatte det, og kva ho eventuelt kan gjere for å unngå eit slikt inntrykk neste gong. - Eg skulle ynskje at vi kunne få snakke meir med dommarane etterpå, for å få meir konstruktive tips, seier ho.
Tone Damli Aaberge (t.v.) og Eva Weel Skram
- Knapt med tid
Idol-dommar Tone Lise Skagefoss vil ikkje kommentera saka, men presseansvarleg for Idol, Bjarne Laastad, avviser kritikken mot dommarane. - I eit program på 50 minutt blir det knapt med tid, difor blir dommarkommentarane knappe, som sjåarane sikkert har merka seg, så hender det av og til at vi ikkje tek med alle dommarane, seier han.