NRK Meny
Normal

Idol-Jørn seglar vidare

Jørn Trollebø Kvalheim følgde råda til pappa, og tok seg vidare til neste finalerunde av Idol.

Jørn Trollebø Kvalheim

VIDARE: Bookmakerar gir låg odds for at Jørn Trollebø Kvalheim går heilt til topps i årets Idol. Fredag forserte han første hinder då finalerundane starta.

Foto: Silje Guddal / NRK

Vågsøyværingen gjekk på scena i Chateau Neuf som femte finalist i kveldens direktesende finalerunde på TV2. Og dommarpanelet likte det dei fekk høyre.

Tema for kveldens finalerunde var «Her er eg» og deltakarane fann låtar som speglar deira personlegdom. Valet til Trollebø Kvalheim landa på «Brother» av Matt Corby.

– Vel blåst! Det kan virke som du nesten ikkje fattar at du står på denne scena, og at alle desse publikumarane er dine. Men det er dei, sa Esben «Dansken». Selvig og la til:

– Mykje som skal ut

– Det er ei utfordrande låt, og når du klinkar og klemmer til, då er du i ditt ess. Då er du best, sa Esben «Dansken» Selvig. Kurt Nilsen var også nøgd.

– I fare for at det kan gå over styr, så er det likevel så mykje nerve i det du presterer på scena. Du gir så «beng», og det er så kult, sa han.

Sjølv prøvde ein tydeleg nøgd Trollebø Kvalheim å skildre kjenslene han stod med på scena.

– Det er utruleg mykje som boblar i systemet når eg skal synge ein slik song. Det er mykje som skal ut. Men det er jo herleg då, flirte han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.