Hopp til innhold

Idol-dommar fekk rett - Jørn klar for Idol-finalen

– Eg håpar du går til finalen, konkluderte Idol-dommar Kurt Nilsen. Og fekk rett. Jørn Trollebø Kvalheim (23) blir fylkets tredje Idol-finalist.

Jørn Trollebø Kvalheim

FINALEKLAR: Jørn Trollebø Kvalheim er klar for finalen i Talentkonkurransen Idol.

Foto: Silje Guddal / NRK

Talentkonkurransen var tre sesongar gamal då Tone Damli vart nummer to i finalen med Jorunn Stiansen i 2005. For tre år sidan gjorde Vegard Leite det same.

Fredag kveld fekk Sogn og Fjordane sin tredje finalist i Idol.

For etter kveldens direktesending er det klart at anten Jørn Trollebø Kvalheim eller Ingvar Olsen blir årets Idol. For Chinook Lamers er Idol-eventyret over.

Kven som stikk av med sigeren, platekontrakt og managementkontrakt blir klart fredag 12. desember.

Nesten tårevått

23-åringen frå Vågsøy valde sjølv å synge låta som fekk dommar Tone Damli til å ta til tårene under audition, «Love Is All» med The Tallest Man on Earth.

– Dette var eg ganske nervøs for, for din audition var så knallsterk. Det var einaste audition eg gret på i år, og eg gret nesten no også. Det er så inderleg og flott, fullt av kjensler. Eg håpar du kan gje ut låta ein gong, for eg tykkjer den er så bra, sa Damli.

– Frå Måløy til mål

Dommarane sitt låtval fall i smak hos Trollebø Kvalheim. «Born to Run» er nemlig skriven av ein av 23-åringen sine største førebilete.

Etter ei energisk framføring, sat lovorda laust i dommarpanelet.

– Taket heldt nesten fysisk på å lette. Dette er ei låt du er fødd til å gjere. Dette er nøkkelen til kvifor du har kome så langt. Du har klart å porsjonere ut talentet ditt. Det byrja i Måløy, det kan gå heile vegen til mål, rosa Gunnar Greve.

Artikkelen er retta, då det opphaveleg vart skrive at fylket har hatt to Idol-finalistar.