Hopp til innhold

Ida fylte 12 den 12.12.12

Ida Yesenia Nesje frå Oppstryn kunne notere seg for mange 12-tal i dag.

Ida Nesje
Foto: Privat

Ida er fødd den 12. desember i 2000, og dermed rundar ho 12 år i dag, den 12.12.12. Eit slikt samantreff kan ikkje akkurat seiast å vere dusinvare.

Feiringa starta på skulen.

– Der kom dei inn og song til meg og hadde med kake.

Og presangar har Ida sjølvsagt fått på den store dagen.

– Eg har fått One Direction-sengesett og Cd-en deira, og så fekk eg bukse og gensar og skjerf, og så pengar.

Då NRK snakka med Ida var ho på veg for å spele handballkamp, og difor måtte feiringa med familien utstå til seinare på kvelden. Og med på vegen fekk ho sjølvsagt høyre favorittgruppa si - One Direction - i bilradioen.

Og hadde det gått troll i tal denne dagen, så hadde handballkampen mellom Stryn og Vikane enda uavgjort 12-12. Det gjorde den ikkje. Stryn med Ida på laget vann 16-8.

Fin fødselsdato

Og det blir iallfall ein person i Sogn og Fjordane som kan skilte med ein veldig enkel og grei fødselsdato. Ved fødeavdelinga på Førde Sentralsjukehuset hadde dei hatt ein fødsel då NRK ringde dei i 22-tida den 12.12.12.