Hopp til innhold

Ida (5) gjekk til topps for å sjå tårnet som blei bygd av tipptippoldefaren

Fem år gamle Ida er etterkommar etter Hans Henrik Gerhard Klouman, mannen bak Skålatårnet. I helga var ho med på Skåla for å sjå verket til tipptippoldefaren.

kloumannstårnet3

PÅ TOPPEN: Slekta etter Klouman la slektstreffet til Loen. Her er nokre av dei på tur til Skålatårnet.

Foto: Kristin Gjellestad

– Vi hadde veldig lyst å ha eit slektstreff her det året Skålatårnet feira 125-årsjubileum, fortel Kristin Gjellestad (63) frå Kristiansand. Ho er oldebarnet til Klouman.

Gjellestad fortel at dei har gjort ein grundig jobb med å grave i slektshistoria.

– Hans Henrik Gerhard hadde sjølv 10 barn. Somme av dei døydde, men tre av sønene hans har etterkommar, og alle desse har vi funne, fortel Gjellestad.

80 av dei har kome til Loen denne helga. Den minste på fem månader, den eldste 80 år. På treffet var det både slektningar frå Canada og Sverige og elles frå heile landet.

Fekk lære meir om historia

Fredag var 45 av dei oppe ved tårnet, den eldste på 80 år og den yngste på fem år.

Under slektstreffet fekk dei besøk av mellom anna Helene Ødven frå Bergen Turlag som heldt foredrag.

– Det var utruleg spennande. Vi fekk mellom anna vite meir om kona til Hans Henrik Gerhard Klouman, Regina Augusta Emilie Klouman, fortel Gjellestad.

kloumann2

LÆRERIKT: Familien fekk lære mykje om historia til forfedrane då dei var samla til slektstreff i Loen.

Foto: Kristin Gjellestad

Imponert over Loen

Ifølgje Gjellestad var ho mellom anna grunnleggjaren av det noverande barnevernet i Norge.

– Då mannen døydde reiste ho til Kristiania og starta ei systematisk kartlegging av barn som var sette bort. Ho byrja å undersøke kva som eigentleg skjedde med desse barna, seier Gjellestad.

kloumannstårnet

FIN TUR: Både små og store tok turen til Skålatårnet.

Foto: Kristin Gjellestad

– Det har vore fantastisk å lære meir om Kloumanslekta. I går hadde vi ein kjempefin fest. Loen er verkeleg eit smykke i norsk natur. Det vakre synet av å gå ned frå Skåla har brent seg fast på netthinna. Det var så vakkert, seier Gjellestad.