Hopp til innhold

Ida (19) flyttar ut av hola

Ida Beate Løken (19) frå Førde har no sove utandørs i eitt år. No pakkar ho tinga saman og bur seg på ein ny kvardag.

Etter eitt år med ei hola som soverom, flyttar Ida Beate Løken ut. Ho har no mykje tankar om dagens forbrukarsamfunn.

SJÅ TV-SAK: Foto/Redigering: Stine Kyrkjebø Johansen.

– Eg anbefaler folk å prøve å bu ute. Det var slik eg fant ut at eg eigentleg lever på ein heilt sjuk måte. Eg har verkeleg fått sett at eg har altfor mykje ting. Før eg flytta ut her trudde eg at eg var miljøbevisst, men det var eg altså ikkje, seier Ida Beate Løken. Jenta som har blitt kjent landet over fordi ho bur i ei hole.

Det var ved å flytte ut i hola at Ida Beate innsåg korleis ho eigentleg levde.

Utsikt frå hola til Ida Løken

UTSIKT: Fin vinterutsikt frå hola. Nedanfor kan ein skimte skulen.

Foto: Ida Beate Løken

– Det som er mitt hovudbodskap er at ein må gjere noko slik at ein forstår. Og når du først har forstått må du til med tiltak og gjere noko med levestilen din, meiner ho.

Eit enormt forbruk

I mai 2013 flytta ho ut i hola som ligg oppe i fjellsida bak skulen hennar. No er ho ferdig utdanna agronom ved Jord- og Hagebruksskulen i Aurland. Eksamenen og russetid er no over og soveposar og naudproviant må ut av det som har vore soverommet til Ida Beate.

Sjølv vart ho inspirert av kjærasten Jørgen til å bruke ei hole som soverom eitt år.
Grunnen til at ho og ville prøve var fordi ho synst det verka kult.

– Men då eg sjølv kom ut hit og fekk testa det og innsåg at eg har eit heilt vanvitig forbruk til vanleg, så vart det på ein måte enda kulare, seier ho.

No ventar ein ny kvardag for jenta frå Førde. Flyttelasset er ho allereie i gong med.

– Eg trur eg skal klare å få med meg alt på to turar. Det betyr at eg berre treng å kome tilbake hit ein gong til. Det er litt trist å tenkje på.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ida Beate Løken

SKIN SOLA?: Ida Beate meiner vi alle lever med eit enormt forbruk.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ein purre frå Nederland

For turane gjennom den bratte ura har ho teke minst to gongar for dagen. Når ho står opp og når ho skal leggje seg. Den uvanlege levemåten har gjort ho kjent i heile landet, og både nasjonal og internasjonal presse har vist si interesse for den spreke jenta.

– Eg har fått veldig mange fine tilbakemeldingar frå folk som blir inspirert, fortel Førde-jenta.

Den unge jenta er også opptatt av kvar maten ho eter kjem ifrå. Ho tek fram ein purrekvast på kjøkkenet på internatet på skulen og spør seg sjølv:

– Ein purre frå Nederland, kvifor har eg det? Det er jo ikkje noko poeng i å få purren frå Nederland når den fint kan vekse her i Norge heile året, Ida Beate undrar seg.

Mykje av maten ho eter finn ho i konteinarar bak butikkar. Dette er mat som butikkane kastar, men som Ida Beate meiner ho fint kan ete.

– Vi treng fleire klodar

Eg har funne ut at eg eigentleg lever på ein heilt sjuk måte.

Ida Beate Løken

Ho tykkjer det er skremmande å tenkje på korleis dei fleste i Norge lever i dag. Dette har ho tenkt mykje på etter at ho flytta ut.

– Det er krise. Vi lever jo med eit gjennomsnitt på tre og ei halv klode per hovud. Om alle i verda skulle leve som oss måtte vi hatt fleire jordklodar for å klare oss. Det betyr igjen at vi tvingar andre til å leve med eit veldig lågt forbruk vi synst det er greitt.

– Eventuelt trur folk vi har så mange planetar å ta ressursar frå at det er ok at vi lever med eit så stort forbruk, fortel 19 åringen ivrig.

Vil selge tina sine

Sauepynt i fjellhola

PYNT: Ein komande bonde pyntar sjølvsagt hola si med sauer.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Året ute i naturen har fått ho til å innsjå at ho treng ikkje alle tinga sine. Ho vil selge det meste og gje vekk pengane.

– Blant anna hårfønaren min klarar eg meg fint utan. Eg har sendt mykje av tinga mine heim til mamma. Eg tenkjer å arrangere ein loppemarknad der pengane mest sannsynleg vil gå til Dyrebeskyttelsen, fortel ho.

Ida Beate tykkjer det er fullstendig krise at det er sosialt akseptert å leve slik vi gjer i dag.

– Kanskje ikkje meg og deg som lever i dag vil merke det, men barnebarna til barnebarna mine til dømes, dei kjem til å merke det på kroppen. Heilt sikkert. Og eg tykkjer ikkje det er greitt, seier ho.

Kjem nok tilbake

– Då eg kom til Jordbruksskulen så tenkte eg på meg sjølv som ein miljømedviten person og hadde veldig lyst til å bli veterinær og hadde ingen planar om å bli bonde. Men det vart snudd heilt på hovudet då eg kom hit og lærte om matproduksjon og lærte om korleis ting fungerer i verda i dag.

Før ho skal til i yrkeslivet ventar ei tid i rekruttskulen. Ho trur og ho må finne seg ein ny plass å sove ute når ho no skal flytte frå den idylliske plassen sin.

Ida Løken

PASSAR PÅ: Ida passar på at ho ikkje trakkar på dei små sniglane som lever i ura.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg synst det er fint å kome opp hit, særleg no når det begynner å bli grønt. Kvart år blir eg like overraska over kor grøne blada faktisk blir.

Selskapet det siste året kan ho ikkje klage på. Alt frå fuglar, insekt, kattar og flaggermus har vore på besøk i hola. Alle like velkomne.

– No har eg budd her i eitt år og fått veldig mykje ut av det. Eg trur ikkje hola kjem til å forsvinne med det første, så den er nok her når eg kjem tilbake og då sjekkar eg ikkje inn på hotell nei.