Hopp til innhold

I vinter skal det vere bar asfalt på E39

Brøytemannskapa skal fortare ut når der snør, og dei skal brøyte og skrape hyppigare. I tillegg skal det saltast meir. Resultatet for deg som bilist skal vere mest mogleg bar asfalt på E39 mellom Anda og Lavik.

Is i vegbana langs Jølstravatnet

IKKJE SLIK: Tjukk is skal ikkje lenger frå leggje seg i vegen på E39 mellom Lavik og Anda. Biletet er frå eit tidlegare år, då det var mykje klaging på brøytinga langs E39 ved Jølstravatnet.

Foto: NRK

– Vi har inngått nye kontraktar frå september i år, der kravet til vinterstandard på E39 er innskjerpa, seier Lars Erik Karlsen som er ansvarleg for driftskontraktar i Fjordane for Statens vegvesen.

Brøyting, og spesielt det folk meiner er dårleg brøyting, er noko som kan få temperaturen til å stige hos mange førarar. Frå denne vinteren av skal dei som køyrer langs E39 gjennom Sogn og Fjordane merke at krava til vintervedlikehald er skjerpa.

Før berre rundt Førde

Før var det i hovudsak berre på E39 rundt Førde at Vegvesenet opererte med mål om bar veg. Her har snø blitt brøyta og skrapa raskt vekk, og det har også blitt brukt salt for fortast mogleg å få bar veg etter snøfall.

Lars Karlsen

POSITIVT: Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen meiner endringane av vinterstandardane vil betre trafikktryggleiken.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Med nye landsomfattande vinterdriftsstandardar skal dette no gjelde for heile E39 mellom Anda og Lavik.

– Etter kravet skal brøytemannskapa vere snarare ute etter snøfall, og brøytesyklusen er auka. Med det blir det mindre snø i vegen, og det skal også brukast litt salt for tidlegast mogleg etter snøfall å få bar vegbane, seier Karlsen.

Opp gjennom åra har det kome fleire klager på vegvedlikehaldet langs E39, spesielt strekninga langs Jølstravatnet har vore utskjelt.

– Vil betre trafikktryggleiken

At vedlikehaldskrava no endrast skjer som følgje av endringar i standardane bestemt av Vegdirektoratet. Når brøytemannskapa skal fortare ut, og brøyte meir vil det koste meir enn før. Den rekninga er det staten som tek.

Karlsen håpar endringane vil bli godt motteke av førarane.

– Vi meiner dette vil betre trafikktryggleiken, både med tanke på møteulykker, utforkøyringar og det å kome i gang att.

Han presiserer samtidig at det ikkje vil vere slik at folk kan droppe vinterdekk sjølv om målet deira er mest mogleg bar veg.

– Det er framleis vinter, og etter snøfall vil det framleis vere snødekke, seier Karlsen.

– Veldig positivt

Også fylkessekretær i Trygg Trafikk, Audun Heggestad, meiner den skjerpa vinterdriftsstandarden vil auke trafikktryggleiken.

– Sjansen for møteulukker på grunn av glatt vegbane vil minke veldig, seier han.

Heggestad seier ein samtidig må vere obs på at meir bar veg vinterstid kan endre køyremønsteret til folk.

– Ein kan risikere at gevinsten blir eten opp ved at folk aukar farten og kanskje ikkje køyrer forsiktig nok, men det håpar eg ikkje skjer.

– Vi veit at med bar vegbane blir det tryggare. Uansett må bilistar tilpasse farten etter forholda. På vinteren er det alltid risiko for ujamne forhold, seier Heggestad.