Dei har ikkje fått rigga ned eller telt opp absolutt alt av billettar, men alt tyder på at mellom eit besøkstal på mellom 21.000 og 22.000 personar.
– Vi trudde 2014 var eit maksår som vi aldri ville få oppleve igjen. I dag er eg berre stolt og rørt over det vi fekk til i helga. Og audmjuk over at vi klarer å halde oppe koken og gje publikum slike opplevingar, seier Arnt-Ivar Naustdal.
Går mot overskot
Arrangørane budsjetterte med opp mot 19.000 publikumarar. Det har dei så definitivt klart. Budsjettet på kring 15 millionar kroner ser dei ut å dekke inn med god margin.
– Vi vil få eit bra overskot i år, men det blir ikkje himmelhøgt. Det kostar å levere kvalitet. Vi har investert i mange ulike ting for å gje alle ei best mogleg oppleving. Mellom anna har vi brukt mykje pengar på teknisk produksjon, seier Naustdal.
I år presenterte dei mellom anna «Malakoff-walken» som gjorde at artistar som Iggy Pop og Gabrielle kom nærare publikumet.
Har forbetringspotensial
Tilbakemeldingane er tradisjonen tru positive både frå artistar og publikumarar. Det gir eit godt utgangspunkt for neste års festival. Den er allereie komen under planlegging.
– Faktisk, evaluering er den viktigaste planlegginga. Men sjølv om vi no har levert tidenes festival på alle måtar, så er vi langt frå nøgde. Det er fleire ting vi kan gjere betre, seier han.
– Kva då?
– Eigentleg på alle område, men spesielt på logistikksida, seier han og fortel at han allereie er godt i gang med å planlegge neste års arrangement.
Fyldig ynskjeliste
Naustdal meiner ein av suksessfaktorane er at festivalen framleis har område til dei over og dei under 18 år.
– Det gir oss ein sterk familieprofil. Småbarnsfamiliar kan vere på festivalen, utan å vere på område der det er alkohol og fulle folk, seier han.
Når det gjeld artistlista til neste år, så er den naturlegvis langt frå klar. Men ynskjelista er byrja å bli fyldig.
– Vi er bevisste på kva vi ynskjer og i år trefte vi innertiar på veldig mange ting. Til neste år snusar vi på artistar vi ikkje fekk i år, og det er både norske og utanlandske namn, seier Naustdal.