Hopp til innhold

I varetekt for knivstikking

Sogningen som vart fengsla etter knivstikking i september, blir truleg sitjande i varetekt til saka kjem for retten i februar, skriv Sogn Avis. Sogn og Fjordane tingrett har nyleg sagt kjenning om forlengja varetektsfengsling. Der vart det bestemt at mannen i 30-åra framleis skal haldast i varetekt inntil noko anna blir bestemt av påtalemakta, men ikkje lenger enn til 11. februar.