Hopp til innhold

I varetekt etter mistanke om tjuvraid

Ein mann og ei kvinne må sitje fire veker i varetekt etter at dei vart stogga med tjuvegods i Jølster førre veke.

Dyre klede og 40 pakkar med parfyme er noko av det politiet fann i bilen.

TJUVGODS: Dyre klede og 40 pakkar med parfyme er noko av det politiet fann i bilen.

Foto: Politiet

Retten meiner det er sannsynleg at dei to er i Noreg for å drive vinningskriminalitet og at det er fare for at dei vil stikke av dersom dei ikkje blir varetektsfengsla. Difor har retten bestemt at dei skal vere i politiet si varetekt fram til 22. desember.

Lensmann i Jølster, Knut Skurtveit.

ETTERFORSKA: – Nokre av klesplagga har ein verdi på kring 17 000 kroner, fortel lensmann i Jølster, Knut Skurtveit.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Samla har vi funne varer for nær eit par hundre tusen kroner. Mellom anna er det funne kring 40 pakkar med parfyme og dyre klesplagg, seier lensmann i Jølster, Knut Skurtveit.

Politiet arresterte dei to etter først å ha stogga dei for brot på trafikkreglane. Etter å ha teke turen til lensmannskontoret på Skei, så fatta politiet nærare interesse for bilen deira og noko av det som var inne i bilen. Då hadde dei to stukke av, og fleire patruljar leita etter dei. Dei hadde gøymt seg like ved lensmannskontoret, og vart funne etter nokre timar.

– Vi har grunn til å tru at dei har vore i Molde og Ålesund-området. Det er vi i grunn rimeleg sikre på, seier Skurtveit.

Retten meiner det er sannsynleg at det er dei to som er fotograferte på fleire overvakingskamera frå butikkar der det har vore tjuveri. Og liknande varer er funne i bilen deira. Dei to nekta begge for at det er dei som er på bileta.