NRK Meny
Normal

I teten med miljøvenlege lastebilar

Norske lastebileigarar skifter til meir miljøvenlege bilar i rekordtempo. Transportselskapa i Sogn og Fjordane er heilt i teten.

Rolf Olav Tenden

NØGD MED STATISTIKKEN: Fylkesleiar Rolf Olav Tenden i lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fylkesleiar Rolf Olav Tenden i lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane gler seg over tala som Norges Lastebileierforbund - NLF - presenterte torsdag.

– Det var ein hyggeleg statistikk å få presentert. Eg er veldig glad for at NLF har fokus på dette ved at dei gjer brukarundersøkingar blant medlemmene.

Dieselpersonbilar slepp ut meir NOx

Utviklinga av lastebilmotorar har gått fort dei siste åra. Før 2009 var dei fleste bilane på norske vegar reine utsleppsbomber samanlikna med dei bilane som no er i sal.

Ein såkalla Euro 0-lastebil produsert på 1990-talet spydde ut like mykje miljøgifter som 100 lastebilar av typen Euro 5, som kom i 2009.

Og no har Euro 6 kome med endå lågare utslepp. Har du seks slike lastebilar forureinar dei like mykje som ein Euro 5-bil. Og samanliknar vi med personbilar, er utsleppet av NOx tre gonger høgare i ein dieselpersonbil som er nokre år gamal enn i ein lastebil av Euro 6-klasse.

Miljøvenlege lastebilar

RASK UTVIKLING: I 2006 (søyla lengst til venstre) vart nesten all landevegstransport i Norge køyrd med lastebilar som forureina hundre gonger så mykje som moderne bilar. I år (søyla lengst til høgre) står dei aller mest miljøvenlege bilane for nesten halvparten av transporten.

Foto: NLF

Best i klassen

Norges Lastebileigarforbund sjekkar kvart år kor mange kilometer som blir køyrde av dei ulike Euro-klassane. I år er nesten halvparten av distansen - 48 prosent - køyrd med Euro 6-bilar, altså dei med minst utslepp.

Og ser vi fylkesvis på det, er det transportselskapa i Sogn og Fjordane som kjem aller best ut. Her blir 64 prosent av distansen køyrd med Euro 6.

I lastebileigarforbundet nemner dei Tenden Transport i Stryn og Transferd i Førde som føregangsselskap, med høgt miljøfokus og svært ny bilpark.

Tenden-bilpark

MODERNE LASTEBILPARK: Tenden Transport i Stryn vil gjerne vere best i klassen på miljø.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Er nøydde til å tenke miljø

Rolf Olav Tenden, som i tillegg til å vere fylkesleiar også leier Tenden Transport, seier at det er svært viktig for dei å tenke miljø.

– Skal vi få nye transportkontraktar er vi nøydde til å ha ein miljøprofil, og vi må vise til at vi har moderne bilar med lågt utslepp. Vi må vise til at vi har så og så mange Euro 6-lastebilar, som er den siste og mest miljøvenlege generasjonen.

For transportselskapa kostar det litt å vere miljøvenlege, for dei nyaste lastebilane er dyrare i innkjøp, og avgassystemet er så komplisert at dei ikkje kan ha service på dei sjølv.

– Men det er kjempeviktig at vi er på topp når det gjeld miljø, for det er eit sterkt fokus på det i alle næringar i dag, seier Rolf Olav Tenden.

Tenden Transport har også førehandstinga ein elektrisk driven lastebil frå USA, ein bil som enno ikkje er komen i produksjon.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.