I Sverige avgjer ikkje kjønn pris på hårklipp

Svenskane skiljer ikkje mellom herreklipp og dameklipp. Hjå söta bror er det nemleg lengda på håret ditt som avgjer kor mykje du skal betale.

Frisør ser til Sverige

HEIAR PÅ SVERIGE: Frisør Camilla Ananiassen tykkjer det er bra at Sverige ser vekk frå dame- og herreklipp, og meiner Noreg burde gjere det same.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Det er ganske logisk måten dei har løyst det på i Sverige. Då betaler ein for lengda på håret, og ikkje på grunn kjønnet du har, seier frisør Camilla Ananiassen.

I Sverige har frisørbransjen bytta ut herre- og dameklipp og med "kort og lang klipp", medan du som kvinne i Noreg må betale meir for ein klipp enn kva ein mann må.

Då NRK sjekka med 11 frisørar i Sogn og Fjordane, viste det seg at grunnprisforskjellen på herreklipp og dameklipp varierte frå 30 kroner til 135 kroner. Fleire frisørar meiner det er naudsynt å ta ulik pris for menn og kvinner, trass i at det bryt med likestillingslova.

– Det kan ikkje bli kjønnsnøytralt når ein ikkje brukar same tid på kundane, har frisør Inge Rygg tidlegare uttalt.

Svenskane betaler for tida det tek hjå frisøren

I den svenske frisørbransjen ser ein heilt vekk frå kjønnet til kunden når prisen blir sett.

– Vi har valt å skilje mellom kort eller langt hår, og kor lang tid ein klipp tek. Diskrimineringslova i Sverige seier at pris ikkje skal baserast på kjønn, seier leiar for Frisörföretagarna AB i Sverige, Ted Gemzell.

For Gemzell er pris basert på om det er herre- eller dameklipp unaturleg.

– Det skal ikkje vere ein skilnad på kjønn. Ei kvinne burde kunne bestille herreklipp, samtidig som ein mann bør kunne bestille dameklipp, seier han.

Prisforskjellane framleis store.

BETALER FOR LENGDA HJÅ SÖTA BROR: I Sverige er det lengda på håret og tida det tek frisørkundane betaler for.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Det er gamaldags

Med frisørprisar basert på kjønn er det dyrare for kvinner i Noreg å klippe seg, uansett lengda på håret.

– Det er gamaldags å dele prisar inn i kjønn, då burde ein heller ta vekk skiljet mellom herre- og dameklipp, seier kunde Cecilie Tormodset.

Frisør Camilla Anaiassen meiner løysinga på prisforskjellen kan vere å sjå mot den svenske frisørbransjen.

– Frisørar må vurdere kor lang tid ein klipp tek og kor mykje jobb det er uansett kjønn, avsluttar ho.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.