Legg ut på tidenes oppleving i bil som kanskje toler det

– Eg har vel eigentleg ikkje teke høgde for at bilen kan ryke. Verken i budsjett eller tanke på bilval, humrar Vegard Ytrøy (20) frå Atløy.

Mikkel Tefre (t.v.) og Vegard Ytrøy deltek på Mongol Rally 2019.

MARATONTUR: – Det må jo berre gå. Eg har planlagt turen i over eitt år, seier Vegard Ytrøy (t.h.) frå Atløy i Askvoll. Saman med Mikkel Tefre frå Førde utgjer han laget Team Mongo Trolley under Mongol Rally i sommar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I ein liten Mitsubishi Colt, med 1,1-liters motor, skal Ytrøy og kameraten Mikkel Tefre (21) legge bak seg 22.000 kilometer frå Førde til russiske Ulan-Ude i sommar.

Vel og merke dersom dei kjem seg både til og frå mållinja i Rally Mongolia. Bilen? Den er like gamal som rallyet – frå 2004 – og kosta 5.000 kroner.

Det var Firda som første melde om saka.

Vegard Ytrøy (t.v.) og Mikkel Tefre deltek på Mongol Rally 2019.

INTIMT: Det blir trongt om plassen i den vesle bilen. – Bagasjerommet blir vel fullt når vi legg inn reservedekka, men vi må i tillegg ha med oss to kanner bensin, ein pose klede, to bensinkanner og litt kokekaffi, seier Ytrøy og Tefre.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Bilen er i god mekanisk stand, så det er ikkje noko grunn til at den skal ryke. Det er kanskje kosmetisk inni og utanpå den ikkje ser heilt fin ut, humrar kameratane.

Sju av ti kjem i mål

Det kan dei nok ha rett i. Då NRK var med «Team Mongo Trolley» på testkøyring i Førde, var det berre tapen på luka til hanskerommet som sleit med å halde seg så plass.

Bilen får nok køyrt seg meir etter starten 21. juli. Deltakarane er bedde om å bu seg godt til det arrangørane skildrar som planetens største motorsporteventyr.

Det er 10.000 miles med kaos over fjell, ørken og steppe på vegar, alt fra dårleg til ikkje-vei i ein liten 1000cc bil du kjøpte frå en vrakplass for £ 4,60.

Arrangørane av Mongol Rally

Mellom 250 og 300 lag har siste åra delteke på det åtte veker lange løpet. I snitt kryssar sju av ti lag målstreken.

– Vi skal køyre vegar som ikkje held norsk standard. Vegar som ikkje har vore fiksa sidan 1920, så det blir ei utfordring både for oss og bilen, seier Vegard Ytrøy.

Sa ja under tvil

Mikkel Tefre (t.v.) og Vegard Ytrøy deltek på Mongol Rally 2019.

16 LAND: Sunnfjordingane skal innom 16 land, og håpar på bruke seks veker tur/retur. – Det må gå bra. Det er garasjeverkstad på vegen, så eg ser ikkje noko grunn til at vi ikkje skal nå fram, seier Tefre (t.h.)

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ideen fekk han, då han for nokre år sidan, såg ein video av bilar i ørkenen i Kasakhstan. Det var Rally Mongolia.

Interessa vart ikkje mindre av NRK-serien Team Bachstad, der Øystein Bache og Rune Gokstad fullførte løpet i ein gamal brannbil .

– Det er jo aldri passande å vere med på noko slikt, så eg tenkte kvifor ikkje no? Eg melde meg på utan lagkameratar eller planar og spurte etter lagkameratar på Facebook. Då kom Mikkel med, fortel Ytrøy.

– Eg sa ja under tvil, skyt Tefre inn.

Flytta startstreken

Frå startstreken i Praha vel deltakarane sjølve korleis dei skal ta seg til Mongolia og over grensa til Russland før målstreken stengjer 16. september.

Før gjekk løpet til Mongolia, men startstreken vart flytta frå Ulan Bator til Ulan-Ide på grunn av høge fraktkostnader.

– Eigentleg ser eg mest fram til mat og folket eg møter på turen. Kultursjokket. Så er det jo alltid spennande å sjå om vi kjem fram, seier Ytrøy.

Skikkeleg kjerreveg

– Eg ser mest fram til Pamir Highway. Då skal vi opp 4600 høgdemeter på skikkeleg kjerreveg, legg Tefre til og siktar til M41 gjennom Pamir-fjella i Tadsjikistan, Afghanistan og Kirgisistan.

Alle som deltek i rallyet må samle inn minimum 1000 pund til velgjerande føremål. 60 prosent går til arrangørane sitt val, Cool Earth, som jobbar for å ta vare på regnskogen.

Resten gir sunnfjordingane til Røde Kors. Kameratane har oppretta ei innsamling hos folkefinansieringstenesta Spleis. 51 dagar før start har dei samla inn 5.000 kroner.

Fleire har køyrt

«Team Mongo Trolley» er ikkje dei første nordmennene som deltek i Mongol Rally. Her kan du lese fleire historier frå rallyet: