NRK Meny
Normal

I sommar hang OL-satsinga deira i ein tynn tråd - men så tok duoen grep...

OL-satsinga til Geir Eithun og Iver Horrem var i sommar i krise etter fleire månader med motgang. Då tok sandvolleyduoen omfattande grep i satsinga si.

Eithun og Horrem

VIL: Sandvolleyduoen Geir Eithun og Iver Horrem har framleis trua på OL i Rio 2016. Men vegen fram har ikkje vore lett.

Foto: www.cev.lu

– Det har vore litt for djupe dalar og litt for få toppar, viss vi skal vere litt ambisiøse, seier Eithun.

Han ser på resultata frå verdsserien i sandvolleyball. Han er heime på juleferie etter eit år med over 200 reisedøgn og nesten 900 treningstimar. Og han er smerteleg klar over at det kommande året blir eit vere eller ikkje vere.

9. plass er beste plassering i verdsserien

35-åringen frå Førde satsar saman med Iver Horrem frå Aukra det remmer og tøy kan halde på å komme seg til Rio-OL i 2016.

Sesongen har ikkje vore heilt slik duoen hadde planar om. Målet var å spele seg fram til ein semifinale, men beste plassering i verdsserien er ein niandeplass. Elles har det blitt mykje stong ut.

– Vi hadde åtte matchballar mot Canada som vi aldri fekk slått inn før dei slo inn sin første, så der rauk vi ut av turneringa, seier Eithun.

Det heile toppa seg i sommar. Eller kanskje vi heller skal seie botna seg.

Elendet ville ingen ende ta

I fire turneringar på rad rauk duoen ut i grunnspelet.

– Det var kritisk poengmessig. Vi er avhengige av poeng for å bli ranka inn til turneringar. Har du for lite poeng, så får du ikkje vere med, seier Eithun.

Han legg til at seinsommaren var tung å komme gjennom.

– På slutten av sommaren i år, i juli-august, hadde vi lite poeng på grunn av lite resultat. Med tanke på at det var seks månadar til vi starta OL-kvalifisering, var det kritisk, seier Eithun.

Men så gjekk Eithun og Horrem fleire rundar med seg sjølv. Det gav resultat. Etter ein opptur i haust er dei no i posisjon til å kjempe om OL-billett den kommande sesongen.

Trur resultata kjem

Landslagstrenar Eskil Holtan varslar at duoen skal trene meir og betre. Han har tru på at resultata kjem.

– Å kvalifisere seg til OL er knalltøft, og det er eit tøft mål å skulle nå. Slik det ligg an no er vi ikkje blant dei laga som er med i OL i Rio 2016. Men nivåmessig er vi nær. Vi treng å stabilisere nokre ting i spelet, og det vil gjere at vi kan hamle opp med dei beste, seier Holtan.

Han legg til at Eithun og Horrem i periodar har spelt på eit nivå slik at dei har slege dei beste laga i verda.

– Vi veit at nivået er der, berre vi klarar å stabilisere det, seier Holtan.

Har synt at dei kan

Sjølv er Geir Eithun klar over at den kommande sesongen blir eit vere eller ikkje vere.

Då må dei melde seg på i OL-kampen. Elles er håpet i praksis ute.

– Får vi ikkje til det vi prøver på i 2015, så blir det nesten umogleg å kvalifisere seg berre gjennom 2016. 2015 blir veldig viktig, seier Eithun.

Sjølv er Eithun klar på at OL – ja, dit kjem dei.

– Vi kjem dit. Vi jobbar berre mot det. Det er det som skin der framme. I løpet av dei siste to åra har vi synt at vi kan det, seier Eithun.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser