Hopp til innhold

Mykje nordlys-aktivitet over fylket

Klarvêret natt til måndag gjorde nordlys-fenomenet godt synleg over Sør-Norge. – Heilt nydeleg, seier satsmeteorolog Anna Reigstad.

Nordlys og solnedgang

Nordlys. Arkivfoto

Foto: Espen Fagerthun

Nordlys eller polarlys er eit skjeldant syn her sørpå i sommarhalvåret, men klarvêr og låge temperaturar laga eit spektakulært lysshow natt til måndag.

– Det var veldig flott nordlys i natt. Utruleg fantastisk. Eit mørkt og grønt lys som stundom gjekk over til grått, fortel Reigstad. .

Har du sett nordlys i natt?
Tips NRK Sogn og Fjordane på telefon 57 72 42 42 eller send sms eller mms med kodeord sf til 1987.

Nordlys

Arkivfoto

Foto: Laila Henriksen

–Eg trur nok lyset var synleg over store deler av Sør-Norge, seier Reigstad som sjølv såg nordlyset i Bergen. I Oslo gjorde ein kollega same observasjon.

– Ein skal absolutt ha kunne sett lysfenomenet også i Sogn og Fjordane, seier meteorologen.

Flott oppleving i Lærdalsfjella

Og sjå, var nettopp noko Vibeke Sælen gjorde på hytta si ved Eldrevatn i Lærdal kommune.

– I heile natt har eit fantastisk nordlys materialisert seg her ved Eldrevatn på 1137 moh. Tidlig på kveld/natt (kl 23) viste nordlyset seg på nordhimmelen, som ein kvit kuppel med tusenvis av kvite strålar som prøvde å fange stjernene.
No, klokka 04.30, ligg nordlyset som ei turkis dansande kappe mot nord, med islett av oransje, litt raudt. Farger og formasjonar skiftar heile tida.
Og alt er ramma inn av ein utroleg stjernehimmel. Helt fantastisk! Det er slik at ein ikkje kan gå å leggje seg igjen, skreiv Sælen på e-post til NRK natt til måndag..

Dette er nordlys:

Nordlys/polarlys, eller aurora polaris som det heiter på fagspråket, er et fysisk fenomen som skjer når solvinden er kraftigare enn normalt, med store elektriske utladingar som kastar elektrisk ladde partiklar mot Jorda.

«Partiklene er elektroner og protoner som danner lys når de kolliderer med gassene i jordas atmosfære. Polarlyset befinner seg i en høyde på mellom 90 og over 180 km over bakken. Fenomenet kan observeres på nattehimmelen i et belte rundt de magnetiske polene. Polarlys viser seg som et bølgende lys som varierer både i form, farge og styrke, fra mørkeblå innom grønn og gul, til rød og oransje.», heiter det på Wikipedia.