Hopp til innhold

I Måløy er Elvis i levande live

MÅLØY (NRK): Gate 1 var døypt om til Elvis Presley Boulevard og heile sentrum var sett på hovudet då Elvisfestivalen gjekk av stabelen i helga.

Elvis i Måløy

KONGEN LEVER: Ted Toris er ein av verdas fremste Elvis-imitatorar. Her opptrer han på kyrkjekonserten under Elvisfestivalen i Måløy.

Foto: Tore Skaar

Blant artistane var ein miks av utanlandske og norske, amatørar og profesjonelle. I den siste kategorien finn vi amerikanske Ted Toris, av festivalsjefen karakterisert som ein av dei fem beste elvisstemmene i verda.

– Då han song «In the Ghetto» i kyrkja var det fleire enn meg som tenkte at Elvis hadde stått opp og stod på kyrkjegolvet i Måløy, seier Hjelle.

Folksam før kykjerkonsert

FOLKSAMT: Fullt hus på den første førestillinga gjorde at festivalleiinga måtte setje opp ei ny kyrkjekonsert.

Foto: Tore Skaar

Måtte setje opp ekstrakonsert

I år er det andre gongen dei arrangerer festivalen. Ambisjonen er å skape noko unikt, som ikkje er å finn andre plassar.

Zelimir spelar Elvis

SLOVENSK ELVIS: Zelimir frå Slovenia var ein av dei som skapte mest trykk frå scena.

Foto: Tore Skaar

– Det er den einaste Elvis-festivalen i heile Noreg i sitt slag. Vi som steller med dette er entusiastar som likar musikken og ønskjer å formidle den til andre. For det er ein skatt, seier Hjelle.

Festivalen vart sparka i gong med ein kyrkjekonsert. Det vil seie, ein konsert vart til to, då den første vart utselt.

– Det kan eg ikkje hugse har skjedd før, uansett kva artistar som har vore og spelt i kyrkja, seier festivalsjefen.

Ikkje berre for godt vaksne

Sidan gjekk det slag i slag med konsertar frå tidleg morgon til seint på kveld. Laurdag vart menyen spekka på med ein AMKAR-utstilling og tilhøyrande parade, der Elvis sin Cadillac frå 1959 var heidersgjest.

Alle artistane kom durande gjennom sentrum i opne amerikanske bilar og i full konsertmundur.

– Det har vore ein fantastisk suksess. Masse folk, stor stemning, fantastiske artistar. Det er ein folkefest, ikkje berre er for 50–60 åringar, som levde då Elvis var sitt beste. Men det var masse unge menneske på festivalen og det er svært gledeleg for oss som steller med dette, oppsummerer Hjelle.

Dans på lokalet

DANS PÅ LOKALET: Publikum svingar seg til tonane frå scena.

Foto: Tore Skaar

Ingen overdose

I sentrum for alt står musikken til den amerikanske legenda, som festivalen er ein hyllest til.

– Spennet er frå kyrkjekonsertar til den absolutt tøffaste rock 'n' rollen som Elvis har å by på. Vi har både artistar som etterliknar Elvis og artistar som gjer han til sin eigen.

– Du fryktar ikkje at folk har fått elvisoverdose etter ei slik helg?

– Nei, det gjer eg ikkje. Dei har nok for nok Elvis for denne veka. Men eg trur ikkje det har blitt nokon overdose.