Av Stein Jarle Aase og Kjell Arvid Stølen
Ein lang karriere som målvakt for Jotun, seinare Jotun Årdalstangen, vert avslutta på Jotun stadion laurdag. Keeperkjempa har vore trufast mot klubben, sjølv om han av og til har vore frista til å ta andre val. - Eg har alltid vore heimekjær og har stor lojalitet til klubben min. Eg har studert i Bergen og trena med Brann i to år. Der kunne det kanskje ha blitt noko meir, men det vart det ikkje, og eigentleg har eg aldri gått ut aktivt for å få meg ny kulbb heller, seier Geir Nordnes.
- Vil gløyme debuten
Geir Nordnes starta den aktive karrieren på seniornivå som 16-åring, i eit lokaloppgjer mot Årdalstangen, den gongen det var to seniorlag i Årdal. Det vart ein debut 35-åringen helst vil gløyme. - Eg torer ikkje seie resultatet, men vi tapte iallfall, seier han.
- Mest moro
Geir Nordnes har brukt det meste av fritida si på fotball. Kombinasjonen jobb, familie og fotball er svært krevjande, og Jotun-målvakta meinar det er vanskeleg å hevde seg i toppen, sjølv i 2. divisjon, med fulltidsjobb ved siden av fotballen. Men trass mykje slit har det vore mest moro, og høgdepunkta har vore mange. - Cupkampar mellom anna mot Brann og opprykkskampar har vore store opplevingar, seier Nordnes.
Bør ha 529 på kamp
Nettsida til Jotun Årdalstangen meiner årdølene bør møte opp laurdag for å hylle Geir Nordnes i hans siste kamp. 529 tilskodarar hadde vore eit passande tal, meiner dei. Sjølv er ikkje Nordnes så oppteken av at folk kjem for å hylle han, men han synest årdølene bør kome for å feire at Jotun Årdalstangen har berga plassen i 2. divisjon. - Det er ikkje til å legge skul på at vi i fotballmiljøet her i Årdal har vore litt skuffa over publikumsframmøtet i år, seier målmannen, som i år sette ny klubbrekord med sine 529 A-kampar.