Hopp til innhold

I mai kjem sykkelstjernene hit

24. mai 2017 kjem det internasjonale sykkelsirkuset til Sogn og Fjordane for første gang. Arrangøren håpar på folkefest.

Alexander Kristoff vinner i Stavanger Tour des Fjords

Slik såg det ut då Alexander Kristoff spurta inn til siger på den siste etappen av fjorårets utgåve av Tour dess Fjords. I 2017 skal målgang for ei av etappane vere i Angedalsvegen i Førde.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

I 2017 blir Sogn og Fjordane vertskap for ein av etappane i Tour des Fjords. No er tidspunktet for rittet endeleg bestemt, 24. mai skal nærare 150 sykkelryttarar stå på startstreken i Balestrand. Derifrå vil syklistane ta seg over Gaularfjellet og Rørvikfjellet via Moskog, rundt Jølstravatnet og til mål i Førde.

Vidar Slettehaug

50 LAND: Vidar Slettehaug fortel at bileta frå sykkelrittet i Sogn og Sunnfjord skal sendast til 50 land.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Vidar Slettehaug jobbar i Sunnfjord Næringsutvikling og er prosjektleiar for etappen i Sogn og Fjordane. Han er svært nøgd med at sykkelsirkuset kjem til fylket i slutten av mai.

– Vi trur vi får vist fram den fantastiske naturen her på det beste tidspunktet. Sjå for deg spegelblank fjord og fruktbløming i Sogn, snø på Gaularfjellet, beitande dyr i Viksdalen og helikopterbilete frå breane i Jølster.

Venteunderhaldning

I internasjonale sykkelritt, som i Frankrike, er reklamekaravanen som køyrer rundt i løypa, om lag ein time før ryttarane, ein viktig del av underhaldinga.

Slettehaug synest det er litt av sjarmen med sykkelritt. Han lovar at det blir karavane óg i Sogn og Fjordane.

– I Frankrike tek folk med seg born og piknikk-korg og tek heile dagen langs løypa. Karavanen er ein del av folkelivet og showet. Eg kan ikkje love at den blir like spektakulær som under Tour de France, men vi siktar høgt og eg sikker på at det blir bra.

Løypeprofil Tour Des Fjords Balestrand - Førde

Slettehaug seier ryttarane skal få bryne seg på løypa som er lagt opp. Han håpar feltet ligg samla inn til Førde.

Foto: Skjermdump

Håpar på lokalt talent

Dei siste åra har interessa for sykkelsporten blitt stadig høgare i Noreg. Saman med marknadsføringa regionen vil får gjennom TV-bileta som skal sendast ut til 50 land er det viktigaste grunnen til næringsforumet sitt engasjement seier Slettehaug.

Noreg har dei siste åra fått fleire nye sykkelproffar. I Sogn og Fjordane er det foreløpig ingen, men den næraste er Sedrik Ullebø som tidlegare i haust signerte for Team Ringerike.

Slettehaug håpar at stortalentet frå Høyanger får delta i rittet i heimfylket.

– Det håpar vi veldig på. Eg veit at han har veldig lyst til å sykle dette rittet sjølv. Det hadde vore kjekt for oss, og eg trur alle sykkelentusiastar i fylket håpar han stiller på startstreken.