Hopp til innhold

Fire jenter frå Sogn og Fjordane i landstoppen

Fire jenter frå Sogn og Fjordane var blant dei 16 beste i landsfinalen i super-G fredag.

Alpinjenter frå Sogn og fjordane

I LANDSTOPPEN: Frå v. Edvine Betten, Oda Helen Sunde Svendsen, Emma Åsebø og Gunn Christensen.

Foto: Margot Åsebø

Emma Åsebø frå Eid vart nummer sju, Edvine Betten, Førde nummer 10, Oda Helene Sunde Svendsen, Jølster, nummer 11 og Gunn Christensen, Eid, nummer 16.

I guteklassen vart Friedrich Schäfer, Jølster, nummer 11.

Lagleiar Atle Hamar seier dette er strålande resultat.

– Å ha fire jenter blant dei 16 beste med 120 startande er sterkt, det betyr at dei er i landstoppen, og det er små marginar oppover. Vi har eit lag med lovande talent som vi kan vente oss mykje av framover.

Alpingutar frå Sogn og Fjordane

BLIDE FJES: Også gutane hadde grunn til å smile etter innsatsen på Hafjell.

Foto: Atle Hamar