Hopp til innhold

I Land Rover til Bangladesh

Måndag forlet Høyanger-mannen Tom Hatlestad familiehytta i Rysjedalsvika og starta på ei reise som kan bli meir enn spennande.

Tom Hatlestad og Land Roveren klar til langtur
Foto: MMS-foto: Hege Holm / NRK

I ein åtte år gamal Land Rover skal han køyre til Dhaka i Bangladesh og delta på ein stor fotofestival i midten av januar.

På festivalen fleire gonger

- Eg har vore i Bangladesh fleire gonger på denne festivalen som assistent for fotografen Morten Krogvold, og eg har arrangert work shops og utstillingar for han og saman med han tidlegare.

- Dette er ein stor festival?

- Det er den største i Søraust-Asia. Det kjem folk frå heile verda.

Temaet er fridom

Tom Hatlestad har bakgrunn som fotograf, han hadde i si tid eiga fotoforretening i Høyanger og har drive med fotografering i mange samanhengar. Når han no legg ut på landevegen frå Sogn til Bangladsh er det sjølvsagt meininga å fotografere undervegs.

- Temaet for festivalen er fridom, og eg fekk den ideen at det kunne vere interessant å finne ut kva folk på vegen herifrå til Bangladesh meiner med ordet fridom.

Foto til utstillinga

- Eg vil be tilfeldige menneske som eg møter om å skrive kort i ei bok som eg har med meg, på sitt språk og med si handskrift, kva ordet fridom betyr for dei. Så tek eg eit portrettfoto av dei, og det skal presenterast på utstillinga.

- Det skal bli spennande å sjå kor ulike eller like vi er i vår måte å oppleve fridom på. Eg kjem til å køyre gjennom tidlegare austblokkland som Estland, Litauen, Latvia, Polen, Slovakia, Romania, Bulgaria, vidare gjennom Tyrkia, Iran, Pakistan, India og Nepal og nesten innom Burma før eg kjem til Bangladesh.

Har tjuvstarta

Og Tom Hatlestad har tjuvstarta litt på arbeidet med å portrettere menneske og få deira oppfatning av ordet fridom.

- Eg var i Russland for to-tre veker sidan og fekk nokre folk derifrå til å skrive, og så har eg sikra meg nokre nordmenn og. Planen er å plukke ut rundt seks menneske frå kvart land og bruke dei i utstillinga.

Utstilling i Oslo og?

Og fotografen frå Høyanger har ikkje tenkt å la det bli med dei fotoa og fridomstolkingane han får med seg på turen til Bangladesh.

- Det er fleire land i verda enn dei eg får med meg på turen frå Norge til Bangladesh, så eg har fått beskjed frå ein i Oslo om at "dersom du er snill gut så skal du få lov til å stille ut hos oss når du kjem tilbake".

Eiga nettside

I tillegg har eg ei nettside, www.freedomtrack.no , der eg skal legge ut nokre av fotoa eg tek undervegs, slik at folk kan få fylgje meg på vegen. Eg returnerer i februar, og då er det ikkje klart kva rute eg tek. Men eg skal vere heime i midten av april.

- Bilen held

- Du køyrer ein gamal Land Rover, er du sikker på at han går heile vegen?

- Det er eg heilt trygg på. Dessutan er han ikkje så gamal, det er ein 2000-modell Land Rover Defender. Bilen har gått 250.000 kilometer, men det er ikkje så mykje for ein slik bil.